onsdag 26. august 2015

2. økt: Blåbærturen

Mål i læreplanen

Mat og helse:

  •  vurdere og velje varer ut frå etiske og berekraftige kriterium
  •  gi døme på korleis (…) tillagingsmåtar eller matvanar har endra seg over tid (…), og forklare korleis det har verka inn på livet til folk
Naturfag:

  • observere og gi eksemplar på korleis menneskelig aktivitet har påverka eit naturområde, undersøke ulike interessegruppers syn på påverknad og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar
  • gi varierte eksemplar på korleis samar (og andre) utnytter ressursar i naturen
Vektrekord, 167 g på 15 minutt
Matematikk:


  • samanlikne og rekne om mellom heile tal (…) og tal på standardform, uttrykkje slike tal på varierte måtar og vurdere i kva for situasjonar ulike representasjonar er formålstenlege
  • gjere overslag over og berekne (…) volum, (..) massetettleik (…)
  • velje høvelege måleiningar, forklare samanhengar og rekne om mellom ulike måleiningar, bruke og vurdere måleinstrument og målemetodar i praktisk måling og drøfte presisjon og målevisse

Allemannsretten

I Noreg er ferdsle regulert av allemannsretten. Den gir deg rett i til å ferdast og å opphelde deg i norsk natur. Den gjeld i skogen, på fjellet, ved sjøen og elva og i vatna, uavhengig av kven som eig grunnen. Du har også rett til å hauste av naturen. Du kan plukke bær, sopp og blomar, og fiske i saltvant. Fiske i ferskvatn er regulert gjennom fiskekort, men du som er under 16 år kan fiske med stang med krok som ein held sjølv utan fiskekort.
Allemannsretten gjev også plikter. Ferdsel og opphald må skje slik at du ikkje øydelegg for grunneigar eller andre som er på tur. Du skal alltid ta deg fram med varsemd og ta vare på naturen der du går. Dette fører til at motorisert ferdsel og bruk av til dømes paintball kan vere uloveleg, sjølv om du har allemannsretten. Sykling og bruk av hest er lov dersom ein ikkje øydelegg grunnen.  Allemannsretten er lovfesta i friluftslova. Dette er ganske unikt for Noreg.

Pannekaker

12 dl sikta kveitemjøl
5 dl sammalen fin kveite
2 ts salt
2,5 liter mjølk
16 egg
Flytande margarin

Bland mjøl og salt. Tilsett halvparten av mjølka og rør til ei jamn og klumpfri røre
Tilsett resten av mjølka og egga. Rør godt. La røra svelle(minst 15 minutt)
Varm margarin i ei steikepanne. Steik tynne pannekaker på begge sider. Hald dei ferdige pannekakene varme!

Frå ”kokebok for alle” noko omarbeida.




Rørte blåbær

2 dl blåbær
0,5 dl sukker

Rør bæra. (Det betyr: knus bæra med ein gaffel i ei glasskål til det ser ut som rørte blåbær)

Kokt blåbærsylte

1 liter blåbær
4 dl sukker
Bittelitt vatn (ca 3 ss på tørre bær)
Reine glas – volum til saman 1,2 liter

Vask glasa godt i såpevatn. Skyl dei godt i rennande vatn og la dei ligge i varmt vatn til du treng dei. Ha bæra i ei gryte. Ha vatnet over, slik at grytebotnen blir fuktig. Kok langsamt opp, og la det koke i om lag 10 minutt. Tilsett sukker medan du rører. Kok opp igjen. Skum av. Fyll i reine glas. Fyll glasa heilt og skru straks på lokket.

Gelégodteri av bringebær

·         250 gram kvitt sukker(200 gram til geleen, resten til pynt)
·         200 g bringebær
·         1,5 dl vatn
·         3 gram sitronsyre
·         15 gram pektin

1.       Les gjennom heile oppskrifta.
2.       Legg bakepapir ned i ei firkanta boks med botnareal på ca 200 cm2(til dømes 10x20 cm).
3.       Mål opp 100 gram sukker og legg det i ei gryte, saman med 1,5 dl vatn, bringebæra og sitronsyra.
4.       Kok opp blandinga, og la det boble under lokk i nokre minutt.
5.       Legg eit reint, vått kjøkkenhandkle i ei sikt og la safta renne gjennom handkleet og ned i ei grytte. Ikkje press, for då blir geleen uklar.
6.       Kok opp safta på ny. Mål opp 100 gram med sukker til, og ta ut 3 spiseskeier av dette sukkeret, som du blandar med 15 gram pektin. (Kva er pektin?)
7.       Hell pektin og sukkerblandinga over i den kokande safta medan du rører. NB: Dersom det ikkje kokar, eller du ikkje rører, blir dette klumpete!
8.       Skru av varmen, ha i resten av sukkeret og rør til alt har løyst seg opp. Når safta er heilt klar(blank), heller du den over boksa.
9.       La geleen stivne til neste dag.
10.    Skjer gelestykke i om lag 2 cm store terningar.  (her meiner oppskrifta at terningen skal vere 2x2x2 cm, og då blir jo volumet 23cm, og det er jo____________)
11.    Vend terningane i sukker(Til pynt).
12.    Oppbevarast i ei lufttett boks med bakepapir mellom laga. (Haha, som om vi greier å spare på dette…)

onsdag 19. august 2015

1. økt: Frukt og grønt, rett frå naturen



Scones og suppe

Meny: Grønsakssuppe med scones og fruktsalat

Vi laga også: Ostekringle til kantina og ripsis





Grønsakssuppe

Grønsakene i bitar
8 dl vatn
1 grønsaksbuljongterning

2 poteter

2 små gulrøtter
    1/2 lauk
    1 skive sellerirot
    1 liten båt hovudkål
    1/2 krm pepar


    1. Skyll, reins og skrell grønsakene. Del dei i jamnstore terningar.
    2. Kok opp vatn med buljongterning.
    3. Ha i lauk og rotgrønsaker.
    4. Kok 10-15 minut til grønsakene er møre.
    5. Ha i hovudkål og gi suppa eit oppkok.
    6. Smak til med peppar.
    Scones


    Scones1 1/2 dl sammalen kveite

    21/2 dl fint kveitemjøl
    2 ms sukker
    1 ms bakepulver
    4 ms solsikkefrø
    2 dl kulturmjølk
    2 ms olje

    1. Bland alt det tørre i ein bakebolle.
    2. Ha i mjølk og olje og bland til ein jamn deig. Ikkje arbeid for lenge med den, då kan den bli seig.
    3. Set omnen på 250 grader, legg bakepapir på ei bakeplate.
    4. Del deigen i to, og form to store flate rundingar på bakeplata. Del desse i 4, slik at dei kan brytast opp når dei er steikte.
    5. Steik til dei er gyldne(ca 10 min). Avkjøl på rist og bryt dei frå kvarandre.
    Surr i panna


    Ostekringle

    1/2 pk gjær
    2 ms smelta margarin
    2 dl lunka vatn
    40 g riven kvitost.
    1 dl sammalen grov kveite
    ca 4 dl fint kveitemjøl


    Fyll:
    1/2 paprika i små bitar
    1/2 purre, finhakka
    50 g kok skinke i strimlar
    100 g riven ost

    Fordel fyllet midt på

    1. Del opp gjæra i ein bakebolle. (lurt å dele frå hjørne til hjørne for å få ein halv pakke)
    2. Smelt margarin i ei gryte. Ta gryta til side og ha i vatn. Blandinga skal bli fingervarm, ca 37 grader, for det likar gjæra så godt.
    3. Hell blandinga i bakebollen og rør ut gjæra.
    4. Bland mjølet med osten.
    5. Bland mjølblandinga med gjærblandinga. Elt til deiga er jamn og glatt og slepp reidskap og bolle. Du bør røre med ei sleiv, ikkje ein visp.
    6. Dekk bakebollen med eit fat, og la deiga heve så lenge som råd.
    7. Skru omnen på 220 grader.
    8. Form til ei kringle
    9. Del opp paprika, purre og skinke og surr det i steikepanna til purren vert mjuk.
    10. Trill den ferdigheva deigen til ei ca 50 cm lang pølse.
    11. Kjevle deigen til eit rektangel (15x50cm) og legg skinke, grønsaker og ost langs midten. Rull saman og form til ei kringle på bakebrett.
    12. La kringla etterheve.
    13. Steik kringla på 220 grader i 20 til 25 minutt. 
    14. Del i høvelege bitar, og sel dei i kantina.

    Fruktsalat


    Nam!
    ½  liten boks ananas(ca 2 ringar)
    1 nektarin
    1 banan
    ½ appelsin
    1 eple, eller 1 pære
    10 blå druer eller 10 jordbær
    4 ruter sjokolade

    1.      Skyll all frukta
    2.      Reins appelsina
    3.      Del appelsina i båtar og del kvar båt i bitar. Legg bitane i glasskål.
    4.      Opne ananasen, sil av laken, ta vare på laken,
    5.      Del ananasringane i passelege bitar. Legg bitane i glasskål.
    6.      Del druene/jordbæra i 2 og legg dei i skåla.
    7.      Fjern kjernehuset frå eplet/pæra, del i båtar og i bitar. Legg bitane i skåla.
    8.      Fjern steinen frå nektarinen, del nektarinen i bitar, og bland dei i skåla.
    9.      Skrell banana, del den i 2 på langs og så i skiver. Legg bitane i glasskåla.
    10.  Finhakk sjokoladen og bland den inni fruktsalaten.
    11. La fruktsalaten stå i kjøleskapet til vi skal ete han. Server den som den er eller med is eller vaniljesaus til.

    Reins ripsen

    Ripsis

    1 eggekvite
    1,5 dl kremfløyte
    2,5 dl rips (reinsa)
    1,5 dl sukker



    1.      Reins ripsen. Legg dei i ein kenwoodbolle.
    2.      Knus ripsa med ein gaffel. Bland i sukker.
    3.      Ha i eggekvita og pisk med maskina. Pisk til det fluffar seg godt opp. (Det er umuleg å piske for mykje, og du forstår kva eg meiner.)
    Pisk til den fluffar seg
    4.      Stivpisk kremfløyten for seg, bruk den andre kenwoodbollen, og vask vispen i mellom.
    5.      Bland alt med slikkepott. Ha røra i former(isboksar fungerer fint).
    6.      La isen fryse, helst over natta


    Kjelder

    Kokebok for alle
    Fra boller til buritos









    Bland krem og rips.





















    og jammen smakte ripsisen bra!

    torsdag 13. august 2015

    Nytt skuleår, ny blogg!

    Hei,

    I år prøver me noko nytt. Dette er starten på bloggen til Mat og Helse faget på skulen vår. Bloggen er ein fagblogg, så den er nok mest interessant for dei som er elevar i mat og helse i år, men foreldre og mat og helselærarar vil kanskje også finne noko dei kan bruke til noko. Du er uansett hjartans velkomen som lesar.

    Klokkelyngen til høgre har lite med faget å gjere, men muntrar opp sida før faget startar opp, seinare vonar eg bloggen vert full av fine matbilder.

    Me fyljer læraplanen frå udir i Mat og Helse. Me nyttar elles boka Matlyst og Kokebok for alle, som er del av helsedirektoratet si kosthaldssatsing.