torsdag 10. desember 2015

12. økt: Snart jul - Fiskegrateng

Denne økta har vi:
laga:

  • fiskegrateng
  • risbollar
  • lussekatar
  • leverpostei


Snakka om:

  • kvit saus - koagulering og klumpar
  • juletradisjonar
  • lever

7 slag julekaker(elevtekst)


I gamle dagar var det vanleg å lage 7 sortar småkaker til jul, men det varierar kva slags kaker kvar enkelt bakar. Før var det mest vanleg å bake berlinerkransar, fattigmann, goro, krumkaker, sandkaker, sirupsnippar og smultringar.

Idag er det mest vanleg med: Pepperkaker, julemannar, risbollar, kolakaker/ brune pinnar, kransekakestenger, kokosmakron og sjokoladekjeks. Det finst mange andre sortar også, folk brukar å lage sine favorittar, det er litt forskjellig kva slags sortar som er vanleg å bake, og det er forskjellig med kvar man bur i landet. Foreksempel julemannar som er mest vanleg på Vestlandet er ikkje så vanleg på Austlandet. Nokre tradisjonelle kaker lagar vi forsatt, men meir moderne kaker som nonstoppkjeks, karamellkjeks og Sarah Bernhardt blir gradvis meir populære.

Fiskegrateng

Fiskegrateng

Du treng:

2 dL ukokt makaroni
5 dL mjølk
3 ms kveitemjøl
1 ts salt
1 krm pepar
2 krm malt muskat
4 egg
Ca 500 g fiskefile
2 dL amerikansk blanding
4 ms strøkavring

Du gjer:
1.      Kok makaronien etter rettleiinga på pakken.
2.      Visp saman kald mjølk og kveitemjøl i ein kjele til det blir klumpritt. Kok opp medan du rører.
3.      Del fisken i bitar og bland den med grønsaker og makaroni.
4.      Smak til sausen med salt og krydder og avkjøl sausen litt, slik at du ikkje risikerer at egga koagulerer.(Kva betyr det?)
5.      Skru på omnen, 170 grader). Gjer klar ei stor eldfast form (3 L) til gratengen.
6.      Rør inn egga i sausen. Rør så sausen saman med grønsaker, makaroni og fiskebitar. Slå alt over i smurd, eldfast form, og dryss eventuelt strøkavring på toppen.Steik gratengen til den er gyllen.


Risbollar

Ingrediensar:
125 g kokosfett (delfiafett)
100 g kokesjokolade
1 stk. egg
1 dL sukker
1,5 ss kokt kaffi  
ca. 75 g puffa ris
Risbollar!

Før ein fordeler i former.
Gjer slik:
Smelt delfiafett og sjokolade saman. 

Smelt varsamt!
Avkjøl.
Pisk eggedosis av egg og sukker. Rør inn kaffe og delfiafett/sjokolade. Elt lett inn puffa ris.
Sett bollar med skje i muffinsformer. Avkjøl og oppbevar i kjøleskap til servering.

Lussekattar


Ingrediensar
·         300 g smør
·         1 L Mjølk Heil
·         50 g gjær
·         2 g safran el 1 ts gurkemeie
·         300 g sukker
·         1 ts salt
·         4 ts kardemomme
·         26  dl kveitemjøl
Pensling og pynt:
·         2 samanvispa egg og 2 dl rosiner


Hugs å tarere vekta!


Slik gjer du
1.      Sett steikeomen ved 255 grader i ca. 5-8 minutt. 
2.      Smelt smøret. Tilsett mjølka. Smuldre gjæra i bakebollen og rør den ut i litt av den lunkne mjølkeblandinga. Bland i resten av væsken.
3.      Rør i sukker, salt, kardemomme, safran eller gurkemeie, og mjøl til deigen er passe fast. La deigen heve under plast på lunt stad til dobbel størrelse.
4.      Strø litt mjøl på bordet, elt deigen godt. Del deigen i biter (ca 64 dersom du skal lage vanlege Essar) og trill dei til lange fingertykke pølser. Form ulike lussekatter, alt etter fantasi. Legg dem på bakepapir eller smurt steikeplate og la dei heve under plast på lunt sted ca. 15 minutt.
La deiga heve godt!
5.      Pensle med samanvispa egg og pynt med rosiner. Steik lussekattene. La dei avkjølast litt på rist. Dei smaker aller best litt lunkne.
Nam! Lussekattar!
Pass tid og temperatur når du steiker noko!

Leverpostei

Du treng:
500 g svinelever (Ev okselever)
Lever!
150 g lettsalta sideflesk med kjøtt
½ lauk
2 ansjosar (Makaløs)
Løk og ansjosar
75 g margarin
75 g kveitemjøl
0,5 L mjølk
2 egg
2,5 ts salt
½  krm allehånde
1 krm pepar

Du gjer:

Kok ein tjukk kvit saus slik: Smelt margarin, rør inn mjøl og spe med mjølk. Rør til den er klumpfri. Avkjøl sausen. Rør inn egga. Det kan vere lurt å røre saman egga og litt av sausen fyrst, dersom du vil vere sikker på at egga ikkje koagulerer. (Kva betyr å koagulere?) Rør inn krydder i sausen.

Mal lever, fleks, lauk og ansjosar i foodprocessor. Bland alt saman. Hell blandinga i bakepapirkledde former. Her passar til dømes brødformer, små eldfaste former og anna som kan tole varme. Det blir ein del, så pass på å ha nok former.

Steik midt i omnen på 175 grader Celsius i om lag 1 til 2 timar, alt etter kor store formene er. Bruk steiketermometer. Ingrid Espelid Hovig seier ein kjernetemperatur på 72 grader er perfekt. (Kva er ein kjernetemperatur?) Siste kvarteret kan ein sette leverposteien høgare i omnen og auke varmen til 225 grader Celsius med fifte for å få fin skorpe.

Etter steiking avkjøler ein leverposteiane. Leverposteien kan stå seg i kjøleskåp ei lita veke. Dersom den skal brukast seinare, må den pakkast forsvarleg og frysast ned.

tirsdag 8. desember 2015

torsdag 3. desember 2015

11. økt: Betasuppe og julekaker

Betasuppe med heimelaga flatbrød.

I dag har vi:

laga:

  • Betasuppe
  • Flattbrød
  • Julemanna
  • Kolakaker
  • Kokt rullepølse

Snakka om:

  • Julemattradisjonar
  • Konservering - erter og gryn, flatbrød og rullepølse

Julemiddagar

(elevtekst)
Julematen varier etter både geografi og tradisjon. 
Mange av tradisjonane er fleire hundre år gamle.

Ribbe/Svineribbe:
Ribbe er ein tradisjonsrik matrett, som er vanlig til jul i Norge. Ribbe er julaftens rett i omtrent 60 prosent av norske folk.
Ribbe serverast gjerne med surt og søtt tilbehør, som foreksempel surkål, rødkål eller rosenkål, julepølser, sosisser, medisterkaker, tyttebærsyltetøy, steikte eplebåter, sviske og poteter. Viktigast av alt er kanskje sausen. I familieribbe, ein relativt ny betegnelse er det meste av kotelett beinet/ raden fjerna, men side kammen beholdt, slik at man får eit kjøttstykke med jevnere tykkelse, som krever kortere steiketid og som er lettare og skjære opp. 


Pinnekjøtt:
Pinnekjøtt er også ein matrett med tradisjonar langt ut over Norge. 
Det er saltede og tørkede ribber frå sau som dampkokast over ein rist av bjørkepinner eller metall. Noken plasser er tradisjonen at ribbe sidene også røykes før dei blir salta og tørka. Pinnekjøtt kallast også julesteik, ribbesteik, pinnesteik, smaleribbe, fåreribbe, damparibbe eller saueribbe. Omtrent ein tredjedel av folk i Norge et pinnekjøtt på julafta. 
Tilbehør til pinnekjøtt kan være: kålrotstappe, poteter og sjy frå dampe prosessen. Noken bruka også tyttebær, sennep og flatbrød som tilbehør. 


Juletorsk:
Det er nokon som et juletorsk, omtrent to prosent et det på julafta. Men mange fleire et juletorsk i romjula. Det var meir vanleg med juletorsk tidligare en det er no. 
Det er vanleg med gulrot og mandelpotet som tillbehør til fisken. Smeltet smør er vanleg som saus, med finhakket persille i. Eggesmør er også kjent.


Lutefisk: 
Lutefisk eller lutfisk er tørrfisk av torsk eller andre arter som er utbløtt i vann, lutet og så vannet ut igjen. Ikkje alle liker konsistensen på lutefisk, men alle liker tilbehøret. Det er poteter, bacon og ertestuing.

Betasuppe
6 porsjoner
Ert, ei etter å ha lege i bløyt, og ei før, bakerst er eit byggryn.
Du treng:
4 ss byggryn (kan droppast)
1 1/4 dl gule erter
1 1/2 l kaldt vatn
300 g røykt pølse
150 g kålrot
150 g gulrot
200 g skrella potet
1/4 finhakka purre
salt
pepper

Framgangsmåte:

Legg gryn og erter i vatn kvar for seg kvelden før.

Koke erter, gryn og vatn i ca 90 minutt

Kok erter, gryn og vatn i ca 90 minutt.

Er grønsakene jamnstore, blir dei jamt kokte.
 Vask og reins grønsakene. Skjer grønnsakene og pølsene i jamnstore terningar, putt dei i suppa like før andakt (Etter ca 60 min)
Del purren på langs for å få ut eventuell jord når du skyller.

Sidan purrebitane blir små, skal dei koke kort.
Kok til alt er mørt, ca 25 minutter, og smak til med salt og pepper.
Suppen skal vere tjukk og serverast med flatbrød.

Flatbrød

2 dL vatn
1 krm salt
1 dL fint rugmjøl
1 dL sammalt kveite, fin
ca 3 dL byggmjøl

byggmjøl til utbaking




Her trengst litt meir byggmjøl :)
 Slik gjer du:
  1. Ha vatn og salt i ein bakebolle.
  2. Tilsett rugmjøl og kveitemjøl og rør godt.
  3. Flatbrødemner
  4. Tilsett byggmjølet og elt til deigen er jamn og smidig.
  5. Trill deigen til ei pølse, og del den i 16 like store emne(bitar)
  6. Bruk nok mjøl!
  7. Trill kvar bit til ein bolle, trykk den litt flat, og legg den med litt byggmjøl over og under.
  8. Kjevle emna til runde flatbrød. Bruk rutekjevle og start varsamt, Leivane bør vere så tynne som råd. Ideelt bør dei ha ein diameter på 20 cm.
  9. Steik til dei er skikkeleg sprø!
  10. Steik flatbrøda på tørr takke eller tørr steikepanne. Du skal ikkje ha for høg varme, for då vert flatbrøda brende i staden for tørre og sprø. Børst av laust mjøl før du legg leiven til steiking.
  11. Server til suppa.
  12. Flatbrød kan lagrast lenge!
  13. Desse flatbrøda kan lagrast lenge, så lenge dei ligg tørt.

Rullepølsa

Vi la rullepølsa i vatn kvelden før økta. Då kosta vi av saltet, skylte den og la den i vatn. Så kokte/trekte vi den i nytt vant heile økta. Etter dette er rullepølsa ikkje konservert lenger, så no måtte den i frysaren. Vi pressa rullepølsa før den fekk kome i frysaren.


Rullepølsa låg i vatn over natta.

Blei trekt i ca 2 timar

Rullepølsa under press.

Vi tek vare på krafta, den kan vi bruke til ball.
 Kolakake
Du treng:
100 g margarin
100 g sukker
175 g mjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
½ ss sirup

Framgangsmåte:
1.      Rør smør, sukker og sirup saman.
2.      Bland i vaniljesukker, natron og mjøl. Rør godt, så deiga blir jamn.
3.      La deiga stå kaldt i ca 15 min. (td i kjøleskåpet)
4.      Del deigen i 6 bitar. Trill kvar bit til ei lang, fingertjukk pølse. (omlag så lang som steikebrettet)
5.      Legg pølsene på to brett, 3 på kvart brett.
6.      Trykk dei litt flate med ein gaffel.

7.      Steik i ca 10 min på ca 200 grader

8.      Skjer pølsene i høvelege bitar medan dei er varme!
9.      Kjøl av og legg i boks.

Julemanna(Kjempegode!)
Du treng:
500 g kveitemjøl
300 g sukker
2 ts hornsalt
2 ss margarin
2 dl vatn

Framgangsmåte:
Du skal ikkje sjå margarinen når du er ferdig smuldra.
Smuldre alt og ha vatnet i til slutt. Jobb saman til ei deig. Kjevle ut ei høveleg tjukk leiv. Stikk ut kaker, som steikast på 200 grader i omlag 12 minutt.
Julehjerte
Steikte kaker, dei blei kanskje litt knudrete?
Julegris
'