tirsdag 24. november 2015

10. økt: Poteter

Denne økta har poteta fått, og den fortener den! Vi lagar potetgrateng, potetkringler og potetmjølstoppar. Vi startar og på juleførebuingane, og syr rullepølser og lagar serinakaker i tillegg til ptetmjølstoppane. Men før du får oppskriftene, får du ei elevtekst om poteta:

Skrella poteter, sidan dei skal bli mos.
Potet
Poteta kom langt oppe i Andesfjellene i Peru for ca 8000 år sida. Det var inka - indianere som først begynte og dyrke poteter. Til Europa kom poteten på 1500 talet, og til Norge får 250 år sida. Mottakelsen var variert, frå prekestolene i England blei den rett og slett fordømt. Men poteta blei ei viktig næringskilde for fattige folk, fordi den var enkel og dyrke, ga større og billigare avling enn korn. Den hadde høgt energi og nærings innhold og bidro til markant vekst i Norges befolkning for slutten av 1700 talet.

Potetprest var prester som på 1700 talet var veldig ivrig for potetdyrking i Norge. Årsaken var at helsetilstanden var dårlig, samtidig som poteta var næringsrik og velegnet for dyrking i Norge. Potet prestene innførte langt på vei poteten som grønnsak i Norge. Spesielt i nødsår, ikkje minst under Napoleonskrigene, regner man med at potet prestenes innsats sparte livet til tusenvis av nordmenn, som ellers ville sulte ihjel. 

Poteter og krigen. Poteta var ein av dei viktigaste matvarene under krigen. Myndighetene satt i gang egne kampanjer for å framheve bruken av den næringsrike poteta. Avise og ukeblader fulgte opp med egne artikler om poteta og oppskrifter. I Sør- Trøndelag blei det vinteren 1942 satt i gang en rekke potet demonstrasjoner for husmødre. Her reiste lærere i husstell rundt til dei
« mest avsidesliggende bygder » for å fortelle om potetens fortreffelighet. I ein tid med mangel på mel måtte man ty til erstatninger. Potet blei viktige erstatningsprodukter. Uten poteta hadde hungersnød brutt ut i Norge.

Det finst over 250 forskjellige potetsorter. Noken av disse er Ostara som er den vanligste nypotet sorten, Laila som er ein halv tidlig potet. Beate er den største sorten, og en haust og vinter potet, Mandel poteta har ein avlang og mandelforma fasong med kvitt skal og gul kjøtt farge og regnes som delikatesse-poteta, mens Ottar er spesielt egna for nordnorsk klima og jordsmonn. 

Poteta kom til Irland i 1590. Det var svært vellykka, for poteter kunne dyrkes i karrig jord, og det fuktige og milde klimaet i Irland gav potetplanten gode vekstforhold. Poteta blei brukt som mat får både menneske og dyr. I midten av 1800 tallet blei nesten ein tredjedel av all dyrkbar jord brukt til dyrking av poteter. Nesten to tredjedeler av dem gikk til menneskeføde. Ein vanlig mann i Irland spiste poteter kvar dag, og nesten ikkje noke anna. Mange var totalt avhengige av poteta får og få mat.  Då potetene fekk ein sjukdom slik at potethausten slo feil vart det hungersnød i Irland. I 1845 hadde Irland ei befolkning på rundt åtte millioner. I 1850 var halvannen milion døde som følge av hungersnøden! 

Potetgrateng

Heimelaga potetmos
20 stk. Potet
3,5 dl melk
2 ss smør
1,5 ts salt
1 ts pepper
2 egg
For å få potetene fort gjennomkokte, er det lurt å dele dei i båtar.
Kok under lokk, for å spare tid og energi.
Du kjenner med gaffelen om poteta er mør.
Stapp potetene.
Kjøttfyll
450 g kjøttdeig /karbonadedeig
1 stk. Løk
1 stk. stilkselleri
2 stk. gulrot
¾ ts salt
¾ ts pepper
½ ts malt muskat
3 ss tomatpuré
1 boks hermetiske tomater
ost til gratinering


Heimelaga potetmos
Skrell potetene og skjær dei i mindre bitar. Kok dei i ca. 10 minutt, eller til dei er møre.
Hell vatnet vekk frå potetene og knus dei med ein gaffel eller potetmos-stappar. Tilsett smør og litt av mjølka og rør godt. Spe med resten av mjølka. Knekk eit egg oppi, og rør godt. Smak til med salt og peppar.

Brun løken.
Kjøttfyll
Brun kjøttdeigen i steikepanna. Skrell grønsakene, og del dei i treningar. Brun løken saman med kjøttdeigen. Ha i resten av grønsakene og tomaten. La kjøttfyllet koke litt. Smak til med krydder.
Gratiner med ost.

Potetgrateng
Når osten er smelta, er gratengen klar til å ete.
Bre potetmosen ut i ei eldfastform. Hell kjøttfyllet over potetmosen. Strø ost over gratengen. Steik på 200 grader i 15 min.
Potetkringler
100g smør eller margarin
1 ½ dl revne, kalde kokte poteter
2 ½ dl kveitemjøl
½ ts bakepulver

Perlesukker til gratinering
  • Skrell, kutt i terningar og kok 3 passe store poteter. 
  • Hell av vatnet og kjøl dei av.
  • Rør smøret mjukt i ein bolle. 
  • Knas potetene. 
  • Bland smøret, mjølet, bakepulveret og potetene raskt saman.
  • Del deigen i 30 bitar. 
  • Trill kvar bit i ei ca 15 cm lang pølse. 
  • Del deigen i 30 bitar. Helst jamnstore.
  • Form den som ei kringle, og dypp den i ei skål med perlesukker. 
  • Dypp i sukker.
  • Legg kringlene på eit bakepapir.
  • Eit heilt brett med kringler.
  • Steik dei midt i omnen på 175 grader i ca 10 min.
Potetmjølskringler
100 gr smør eller margarin
75 gr melis
1 stk egg

For å skolde mandlane, gir vi dei eit oppkok, og så plukkar vi av skalet.

50 gr skåldede, hakkede mandler
200 gr potetmjøl

  • Rør smør eller margarin og melis kvitt. 
  • Det er viktig at det ikkje er noko gult i kvita!
    Mandlane må hakkast.
  • Skil egget(Her må du vere nøye!). 
  • Bland i eggeplomme, mandlar og mel. 

Stivpiska eggekvite skal sjå ut som ei sky.
    Slik.
  • Stivvisp eggekviten og bland den i til slutt. 
  • Trill deigen til en pølse. 
  • Del i emne og trill til kuler. 
  • Sett dei på plate dekket med bakepapir, og trykk dei lett ned med en gaffel.  
  • Steik kakene til de er lyse og gjennomtørre, 10-15 minutt på 200 C.

Serinakaker

 75 g margarin, romtemperert
0,75 dl sukker
1/2 egg
1/2 ts vaniljesukker
1/4 ts hornsalt
2 1/2 dl kveitemjøl
1/2 egg til pensling

6 hakka mandlar eller perlesukker til strø.


  • Rør margarin og sukker kraftig til det blir kremaktig.
  • Rør inn eit halvt samanvispa egg.
  • Sikt på kveitemjøl blanda med vaniljesukker og hornsalt.
  • Arbeid deigen jamn. Dekk deigen og la den kvile kaldt i 30 minutt. (Gjerne i kjøleskåp).
  • Med smilefjes i deigen.
  • Del deigen i fire like bitar, og trill kvar av delene til ei jamn pølse.
  • Del kvar pølse i 8 like store bitar. 
  • Trill kvar bit til ei kule.
  • Oj, det blei jo eit juletre :)
  • Set den på bakeplata og trykk den litt flat med ein gaffel.
  • Pensle med egg og strø på perlesukker eller hakka mandlar.
  • Steik kakene lysegule.
  • Avkjøl dei på rist slik at dei blir sprø.

Rullepølser
Sydd rullepølse
Slagside.


Test brett pølsa, før du strør på saltblandinga.

Oppskrift på rullepølse frå J. Drabløs



Slagsider av lam
Salt
Pepar
Gelatin
Grovsalt

Bland salt, pepar og gelatin. Vi brukar 1 ss pepar, 4 ss salt og ein pakke gelatinpulver, det er mulig  å tilsette andre krydder også, men det er slik kjelda mi krydra sine fyrste rullepølser.

Klargjer slagsidene.  Fjern alt hardt feitt, og det som er lett å ta bort av det mjuke. Eitlar må ein ta vekk og større talgklumpar er lite delikate å finne inne i rullepølsa, så dei tek ein bort. 

Gjer eit forsøk på å brette/rulle, slik at du finn ut korleis pølsa bør rullast for å vere fin. Strø på salt, pepar og gelantinblandinga, brett/rull og sy saman. Det er fint å bruke skinnåler, som har krumming og er lette å sy hinnene fint med. Bruk ganske tjukk hardangertråd, som sit godt og er lett å fjerne. Syinga går fortrinnsvis i den tjukkare overflatehinna, men  av og til må ein bruke andre hinner også. Det gjeld å presse rullepølsene godt saman medan ein syr, så dei blir harde og tette, slik at det ikkje blir hol inne i pølsa. 

Bland salt, pepper og gelantin.
Pølsene skal ligge i grovsalt. Dei må ha salt på alle sider og ikkje vere i direkte kontakt med andre pølser eller sidene på karet.  La dei salta pølsene stå kaldt.  Etter salting må fyrst pølsene vatnast ut over natta. Deretter kokast, det tek ca 2 timar, på ei vanleg rullepølse. Til slutt skal pressast før den er klar til å ete. rullepølsa er no ferskvare, og må frysast om du ikkje skal ete henne med det fyrste. Før frysaren brukte ein å tørke rullepølsene fram til jul, og koke dei rett inn i jula.  .
Strø på salt og 
Sy saman til tett pølse.


Salt godt!
Vi sydde ei pølse kvar dag, neste veke skal vi vatne ut og koke!

torsdag 5. november 2015

8. økt: Allergimat

Ungarsk gulasj og glutenfritt rundstykke.

Om allergimat

Mål frå læreplanen, vi fokuserer der eg har streka under:
Ø  planleggje og lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva for næringsstoff matvarene inneheld (Kvifor er ikkje trygg mat det same for alle? Kvifor må allergikarar vere meir påpasselege med næringsinnhald?)
Ø  informere andre om korleis matvanar kan påverke sjukdommar som heng saman med livsstil og kosthald (Skal vi kunne informere seinare, må vi fyrst kunne no)

Teoriøkt

Det er ganske vanleg å vere allergisk mot ulike typar mat. Somme allergiar fører til svært store endringar i kosthaldet, medan andre allergiar merkar ein lite til. Til dømes plagar det meg ganske lite at eg er allergisk mot reker, men det er jo trist.
Ø  Kva allergiar kjenner du til?
Ø  Korleis tek ein omsyn til desse?

Å vere allergisk mot laktosen i mjølk, eller gluten i mjøl fører til langt større endringar i kosthaldet. Nesten all mat inneheld laktose eller gluten. Det er skilnad på å vere allergisk og å ha ei matvareintoleranse.

Matvareallergi: Dersom ein har matvareallergi vil kroppen sitt immunforsvar aktiverast mot protein frå maten. Immunforsvaret går altså til angrep på det ein et. Sjølv små spormengder av maten som ein ikkje tåler er nok til å utløyse ein allergisk reaksjon. Reaksjonen kjem raskt etter at ein har ete, og kan i nokre tilfeller vere svært farleg. Typiske allergiske reaksjonar kan vere eksem og utslett, opphoven hals, pustevanskar eller forstyrring av hjarterytma.

Matvareintoleranse: Her er ikkje immunsystemet involvert, men symptoma som oppstår kan likne allergireaksjonar. Dei kjem litt seinare, er ofte mindre alvorlege og meir avhengige av mengde mat ein har ete. Sjølv om intoleransar oftast ikkje er så farlege som allergiar akutt, kan dei redusere livkvaliteten kraftig dersom ein ikkje tek omsyn til dei. Ein med cøliaki eller laktoseintoleranse som ikkje tek omsyn intoleransen vil vere mykje sjuk og gå glipp av mykje.


Har du cøliaki, må du planlegge kosthaldet nøye.



Å planlegge allergimat

Det finst ikkje ein type mat som passar til alle allergiar. Allergimat vil seie å ta omsyn til dei allerigane ein veit at dei som skal ete har. I dag lagar vi mat som passar for to vanlege og omfattande intoleransar: gluten og laktose. Sjølv om vi har teke omsyn til desse, har vi ikkje passa på å lage mat som er bra for dei som har eggeallergi eller som ikkje toler paprika.

I dag skal vi lage ei Ungarsk Gulasjsuppe, den er grei for både laktoseintolerante og dei som har cøliaki. Ein må berre passe på at buljongterningane ikkje inneheld gluten. Vidare skal vi ha glutenfrie rundstykker til. Vi skal ha både grove og fine. Når vi bakar med glutenfritt mjøl, blir det lett klisjete, derfor set vi dei i muffinsformer, slik at dei ikkje glir ut.


Festmuffins


Stasjon 2 skal lage muffins. Muffins fins i mange variantar, laktosefrie, eggefrie, glutenfrie og lavsukker.  De kan pynte muffinsane med eit melishjerte. Då klipper de eit hjertehol i eit lite matpapir, og strør melis gjennom holet.  

Ungarsk gulasj

Du treng:

200 g oksekjøtt i terningar
1 lauk, grovhakka
olje
buljongterning + 5 dl vatn (NB: Pass på at terningen er glutenfri!)
1 ts paprikapulver
1 krm karve
1/2 boks hermetiske tomatar
1/2 grøn paprika
4 - 5 poteter i terningar. (Dersom dei er små må du ha meir!)

1. Skjer kjøttet i terningar.
Skjer kjøttet i terningar.
2. Grovhakk lauken.
3. Bruk kjøtt og lauk i gryta.
4. Tilsett vatn og buljongterning, og la kjøtt og lauk trekke like under kokepunktet i 30 minutt.
Trekking, blir dette godt då?

5. Skrell og del opp potetene, og skyll og del opp paprikaen.
Skrelle poteter kan ta tid!

6. Ha resten av ingrediensane i suppa, og trekk vidare i ca 15 minutt.
7. Smak på suppa! Kanskje du skal ha i meir krydder?

Dette ser jo godt ut! Tomaten gjorde susen den :)

Grove glutenfrie rundstykker

du treng:

1 pose toro glutenfri grov mjølblanding
4 ss rismjøl
2 egg
1 ss fiberhusk
4 dl vatn
1 dl olje
litt salt?

Slik gjer du:

1. Varm vatn til ca 37 grader og hell det i ein bolle. Løys opp gjæra i væska.
2. Visp inn fiberhusk, og la det svelle litt.
Grov deig, elta for hand, det funka det også!
3. Tilsett det tørre, egg og olje. Elt deigen i 5 minutt. Bruk gjerne kjøkkenmaskin!
4. La deigen heve under dekke i minst 30 minutt.
Trill til runde sprekkfrie rundstykker.
5. Ha olje på hendene, og del opp i 12 like rundstykker. Trill dei runde og la dei heve i 30 minutt til før du steiker dei.
6. Steik på 225 grader i ca 12 minutt.




Festmuffins


150 g smør
2,5 dl sukker
4 egg
3 dl potetmjøl
1,5 ts bakepulver

 


  1. Rør smør og sukker porøst. (det vil sei, legg det i ei skål og rør og rør og rør med ei sleiv)
  2. Sett omnen på 225 grader.
  3. Knekk eit egg, og rør det inn i sukkeret.
  4. Knekk eit egg til, og rør det inn i sukkeret det også.
  5. Knekk eit egg til, og rør det inn i sukkeret det også.
  6. Knekk eit egg til, og rør det inn i sukkeret det også.
  7. Rør inn potemjøl og bakepulver. Rør til alt blir ei jamn røre.
  8. Fordel røra i papirformer.
  9. Steik muffinsane i 10 minutt
  10. Ta dei ut.
  11. Skal vi ha på melisglasur?

Fine glutenfrie rundstykker

1 pose TORO Glutenfri melblanding (Fin)
1/2 pk gjær
1/2 ts salt
1/2 dl olje
1 egg
3,5 dl vann


  1. Bland alt det tørre.
  2. Varm vatnet og oljen
  3. Løys gjæra opp i væska (ca. 37°C)
  4. Bland alle ingrediensane saman og la miksaren gå i 2-3 minutt.
  5. Fin deig, knadd med kjøkkenmaskina.
  6. Set rundstykka med skei i muffisnformer. Du får omlag 14 stk.
  7. Etterheving er viktig!
  8. Etter hev i 20-30 minutt på ein lunt stad.
  9. Pensle med egg eller vann
  10. Steik dei i 12-14 minutt på 220°C.

9. økt: Laksewok

Laksewok:


Fjern lakserådet fyrst!

Ingredienser

500 g laksefilet
Fileter laksen, her gjeld det å ha tunga beint i munnen!
steikeolje td raps eller solsikke
1 brokkoli i biter
4 gulrøtter i biter
1 purre i biter
maisenna mjøl

Fiskesaus:
2 fiskebuljongterningar oppløyst i 5 dl vatn
1/2 dl (glutenfri) soyasaus
1/2 ts ingefær
1ss maisenna mjøl
1/2 ts pepper
1/2 ts nellik


Tilbehør:
Ris, gjerne jasminris, ha gjerne ein terning
fiskebuljong i vatnet.

Framgangsmåte:

Gjer klar alle grønsakene. Dei skal reinast og kuttast i strimler eller skiver. Brokkolien delast i
små bukettar og stilken skjærast i skiver.

Skjer fiskefileten i terningar, cirka 1x1x4 cm, pass på at alle bein og rask er fjerna. Rull fisketerningane i maisennamjøl, slik at dei blir tørre og får eit tynt lag utanpå seg.

Rull i maisenna

Varm oljen i ein steikepanne eller wokpanne til den er godt varm.

Ikkje ha for mange i panna om gongen, då mister du kontrollen

Steik fiskebitane gylne og legg dei over på ei varm steikepanne.
Berre kok opp alt i ei lita gryte
Lag fiskesausen i ei lita gryte. Du har berre alle ingrediensane i gryta og let det få eit oppkok
medan du rører

.

Steik raskt brokkoli, gulrot og purre 2-3 minutt og legg  fisken over dei i steikepanna.



Nam! Dette er godt, og sunt!
Kva vitaminar finn vi her, eigentleg?



Appelsinris

Du treng:

2 appelsiner
1/2 dl geisha grautris
1 dl vatn
5 dl mjølk
2 dl kremfløyte
1 ss sukker

Slik gjer du:

OK, du skal koke mjølk, dette går galt... Nesten alltid, så her må du passe på som ein sme!

1. Kok graut slik det står på pakken, dvs kok opp ris og vatn, spe med mjølka og la småkoke i ca 20 minutt, utan å koke over, og utan å brenne seg i botnen
.
2. Og her er årsaka til at det går gale, medan grauten kokar, skreller du appelsinene og delar dei i bitar.
3. Grauten skal kjølast av, kanskje du må setje den i vindauget.
4. Pisk kremfløyten saman med 1 ss sukker. Den skal bli stiv.
5. Bland alt i ei glasskål, og la den kvile i kjøleskapet. Det kan gjerne sjå vakkert ut :)
Vi gler oss til appelsinris, ein nostalgisk dessert :)¨
Kva er nostalgisk?
Kva er eksotisk?
Når var denne retten eksotisk, trur du?
Er dette asiatisk bruk av ris? Kvifor? Kvifor ikkje?

Sjokoladekjeks

Ingrediensar:

100g margarin
135 g sukker
1 egg
150 g kveitemjøl
1 1/2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
50 g hakket kokesjokolade


Fremgangsmåte:
  • Sett steikeovnen på 180 grader
  • Passe store bitar, og ikkje så lenge at den smeltar
  • Hakk sjokoladen
  • ca 100 g margarin
  • Rør sukker og margarin kvitt (NB: ikkje smelt margarinen!)
  • Røre, røre og røre litt til, du skal ikkje sjå kva som er sukker og kva som er margarin
  • Ha i egget, og rør godt
  • Bland sjokoladen og det tørre
  • Rør det tørre saman med egg, sukker og margarin
  • Form små toppar med ts på bakepapir
  • Pass på å ha god avstand, så dei ikkje renn ut i kvarandre. 12 på kvart brett er passe.
  • Steik på 180 grader i ca 12 min midt i ovnen
  • NAM! Har du lyst å smake?

Skinke og ostehorn:

7 dl mjølk
4 ss smør
50 g fersk gjær
2 ss sukker
1 ts salt
750 g fint mjøl
250 g gammalt grovt mjøl
Ost
Skinke
Egg til pensling

Framgangsmåte:


  • Smelt smøret og hell i mjølka slik at alt blir lunka.
  • Viktig å studere oppskrifta godt!
  • Rør saman sukker og gjær, til det blir rennande

  • Gjær er levande greier!
  • Bland alt det tørre i ei stor plastskål.
  • Bland alt i den store plastskåla. Elt godt!
  • ER denne deiga litt laus?
  • Deigen må vere ferdig på 45 minutt, slik at deigen får heve 30 min før du går vidare i oppskrifta.
  • Kul og imponerande luftboble i deigen!
  • Del deigen i fire, og kjevle kvar del til ein stor, rund leiv
  • Del kvar av dei i 8 deler, som man deler ein pizza
  • Dersom vi deler gjennom alle skinkebitane, får alle horna skinke i seg :)
  • Legg på ost og skinke (ev anna fyll) og rull saman til små horn. La dei etterheve i friminuttet (helst 30 min)
  • Pensle med egg og strø litt ost på dei som ikkje har kjøttfyll
  • Dette blei veldig mange horn!
  • Steikast på midtarste rille ved 225 grader, til pent gylne
Horna til torsdagsgruppa :)