Lasange
Du treng:
Grønnsaksaus:
½ sellerirot
4 gulrøtter
2 lauk
2 fedd kvitlauk
4 ss olje
1 boks hermetiske tomatar
½ ts basilikum
½ ts salt
½ ts pepper
Ostesaus:
6 dL lettmjølk
Jamning av 2 dL lettmjølk og 4 ss maisenna
1 ts salt
Eit lite dryss med pepper
½ ts malt muskat nøtt
3 dL reven ost
12 forkokte lasangeplater
Slik gjer du:
- Lag ostesausen.
- Lag grønsakssausen.
- Skru omnen på 200 grader.
- Hell 1/2 av ostesausen i ein eldfastform.
- Legg tett i tett med lasangeplater i forma.
- Fordel 1/2 av grønsakssausen over lasangeplatene.
- Legg tett i tett med lasangeplater i forma.
- Hell over resten av ostesausen.
- Legg tett i tett med lasangeplater i forma.
- Fordel resten av grønssakssausen over lasangplatene.
- Strø over resten av osten.
- Steik i ca 30 minutt.
- Lag ostesausen: kok opp 6 dL mjølk i ei anna gryte. Pass godt på når du kokar mjølk, det går plutseleg fort.
- Lag jamning av maisenna og mjølk. (Rist saman 2 dL mjølk og 4 ss maisenna i eit syltetøyglass).
- Hell jamninga i den kokande mjølka medan du rører. La det koke i ca 5 min. Smak til med salt og pepar og ca halvparten av osten.
Grønsakssaus
- Finhakk lauk og kvitlauk
- Skrell gulrot og sellerirot, riv desse på grovsida av råkostjernet.
- Varm oljen i ei høg steikepanne eller ei gryte. Ha i sellerirot, gulrot, lauk og kvitlauk og surr til lauken er mjuk og blank. Rør varsamt av og til.
- Ha i tomatar, krydder og la sausen småkoke i 10 minutt. Smak til med salt, pepper og urter.
Hot cross
buns - Engelske påskebollar
6 dl mjølk
2 pk våtgjær
75 g smør i rom temperatur
5 stk egg
225 g sukker
1200 g kveitemjøl
3 ts engelsk krydder (ev 1
ts nellik, 1 ts allehande, 1 ts kanel og ei ts nellik)
1 ts salt
350 g rosiner (eller anna
turka frukt)
2 stk egg blanda med litt
vatn
Framgangsmåte
- Varm opp
mjølka til 40 °C, og ha den saman med gjær, smør, egg, sukker, mjøl,
krydder, salt og rosiner i en kjøkkenmaskin. Du må bruke K-spaden på
Kenwooden. Køyr saman til alt er blanda.
- Strø litt mjøl
på benken. Ha deigen på benken og elt deigen til den er elastisk. Om
deigen er klissete, kan meir mjøl knas i. Ha deigen tilbake i bollen og
dekk med ein tallerken.
- Hev deigen til
etter andakta. (ca 30 min)
- Skru omnen på
175 grader.
- Ha deigen på
mjølet bakebord og press ut lufta. Del deiga i 5 like bitar. Form kvar del
av deigen til ei lang pølse som du deler i 12 emne. Form deigemna til små
runde bollar som du har på steikebrett som er dekket til med bakepapir.
- Dekk bollane med plastfolie og la dei heve i opp til 30 minutt til, dei må etterheve i 15 minutt.
- Pensle bollane med blandinga av egg og vatn, og skjær eit kryss over bollane. Steik bollane midt i omnen ved 175 °C i ca. 17 min.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar