Mål i læreplanen
Mat og helse:
- vurdere og velje varer ut frå etiske og berekraftige kriterium
- gi døme på korleis (…) tillagingsmåtar eller matvanar har endra seg over tid (…), og forklare korleis det har verka inn på livet til folk
Naturfag:
- observere og gi eksemplar på korleis menneskelig aktivitet har påverka eit naturområde, undersøke ulike interessegruppers syn på påverknad og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar
- gi varierte eksemplar på korleis samar (og andre) utnytter ressursar i naturen
- samanlikne og rekne om mellom heile tal (…) og tal på standardform, uttrykkje slike tal på varierte måtar og vurdere i kva for situasjonar ulike representasjonar er formålstenlege
- gjere overslag over og berekne (…) volum, (..) massetettleik (…)
- velje høvelege måleiningar, forklare samanhengar og rekne om mellom ulike måleiningar, bruke og vurdere måleinstrument og målemetodar i praktisk måling og drøfte presisjon og målevisse
Allemannsretten
I Noreg er ferdsle regulert av allemannsretten. Den
gir deg rett i til å ferdast og å opphelde deg i norsk natur. Den gjeld i
skogen, på fjellet, ved sjøen og elva og i vatna, uavhengig av kven som eig
grunnen. Du har også rett til å hauste av naturen. Du kan plukke bær, sopp og
blomar, og fiske i saltvant. Fiske i ferskvatn er regulert gjennom fiskekort,
men du som er under 16 år kan fiske med stang med krok som ein held sjølv utan
fiskekort.
Allemannsretten gjev også plikter. Ferdsel og opphald
må skje slik at du ikkje øydelegg for grunneigar eller andre som er på tur. Du
skal alltid ta deg fram med varsemd og ta vare på naturen der du går. Dette
fører til at motorisert ferdsel og bruk av til dømes paintball kan vere
uloveleg, sjølv om du har allemannsretten. Sykling og bruk av hest er lov dersom
ein ikkje øydelegg grunnen. Allemannsretten
er lovfesta i friluftslova. Dette er ganske unikt for Noreg.
Pannekaker
12 dl sikta kveitemjøl
5 dl sammalen fin kveite
2 ts salt
2,5 liter mjølk
16 egg
Flytande margarin
Bland mjøl og salt. Tilsett halvparten av mjølka og rør til ei jamn og
klumpfri røre
Tilsett resten av mjølka og egga. Rør godt. La røra svelle(minst 15
minutt)
Varm margarin i ei steikepanne. Steik tynne pannekaker på begge sider.
Hald dei ferdige pannekakene varme!
Rørte blåbær
2 dl blåbær
0,5 dl sukker
Rør bæra. (Det betyr: knus bæra med ein gaffel i ei glasskål til det
ser ut som rørte blåbær)
Kokt blåbærsylte
1 liter blåbær
Bittelitt vatn (ca 3 ss på tørre bær)
Reine glas – volum til saman 1,2 liter
Vask glasa godt i såpevatn. Skyl dei godt i rennande vatn og la dei
ligge i varmt vatn til du treng dei. Ha bæra i ei gryte. Ha vatnet over, slik
at grytebotnen blir fuktig. Kok langsamt opp, og la det koke i om lag 10
minutt. Tilsett sukker medan du rører. Kok opp igjen. Skum av. Fyll i reine
glas. Fyll glasa heilt og skru straks på lokket.
Gelégodteri av bringebær
·
250
gram kvitt sukker(200 gram til geleen, resten til pynt)
·
200
g bringebær
·
1,5
dl vatn
·
3
gram sitronsyre
·
15
gram pektin
1.
Les
gjennom heile oppskrifta.
2.
Legg
bakepapir ned i ei firkanta boks med botnareal på ca 200 cm2(til
dømes 10x20 cm).
4. Kok opp blandinga, og la det boble under
lokk i nokre minutt.
5. Legg eit reint, vått kjøkkenhandkle i ei
sikt og la safta renne gjennom handkleet og ned i ei grytte. Ikkje press, for
då blir geleen uklar.
6. Kok opp safta på ny. Mål opp 100 gram med
sukker til, og ta ut 3 spiseskeier av dette sukkeret, som du blandar med 15
gram pektin. (Kva er pektin?)
7. Hell pektin og sukkerblandinga over i den
kokande safta medan du rører. NB: Dersom det ikkje kokar, eller du ikkje rører,
blir dette klumpete!
8. Skru
av varmen, ha i resten av sukkeret og rør til alt har løyst seg opp. Når safta
er heilt klar(blank), heller du den over boksa.
9. La
geleen stivne til neste dag.
10. Skjer
gelestykke i om lag 2 cm store terningar.
(her meiner oppskrifta at terningen skal vere 2x2x2 cm, og då blir jo
volumet 23cm, og det er jo____________)
11. Vend
terningane i sukker(Til pynt).
12. Oppbevarast
i ei lufttett boks med bakepapir mellom laga. (Haha, som om vi greier å spare
på dette…)