Scones og suppe |
Meny: Grønsakssuppe med scones og fruktsalat
Vi laga også: Ostekringle til kantina og ripsis
Grønsakssuppe
Grønsakene i bitar |
1 grønsaksbuljongterning
2 poteter
2 små gulrøtter
1 skive sellerirot
1 liten båt hovudkål
1/2 krm pepar
- Skyll, reins og skrell grønsakene. Del dei i jamnstore terningar.
- Kok opp vatn med buljongterning.
- Ha i lauk og rotgrønsaker.
- Kok 10-15 minut til grønsakene er møre.
- Ha i hovudkål og gi suppa eit oppkok.
- Smak til med peppar.
Scones |
Scones1 1/2 dl sammalen kveite
21/2 dl fint kveitemjøl2 ms sukker
1 ms bakepulver
4 ms solsikkefrø
2 dl kulturmjølk
2 ms olje
- Bland alt det tørre i ein bakebolle.
- Ha i mjølk og olje og bland til ein jamn deig. Ikkje arbeid for lenge med den, då kan den bli seig.
- Set omnen på 250 grader, legg bakepapir på ei bakeplate.
- Del deigen i to, og form to store flate rundingar på bakeplata. Del desse i 4, slik at dei kan brytast opp når dei er steikte.
- Steik til dei er gyldne(ca 10 min). Avkjøl på rist og bryt dei frå kvarandre.
Surr i panna |
Ostekringle
1/2 pk gjær2 ms smelta margarin
2 dl lunka vatn
40 g riven kvitost.
1 dl sammalen grov kveite
ca 4 dl fint kveitemjøl
Fyll:
1/2 paprika i små bitar
1/2 purre, finhakka
50 g kok skinke i strimlar
100 g riven ost
Fordel fyllet midt på |
- Del opp gjæra i ein bakebolle. (lurt å dele frå hjørne til hjørne for å få ein halv pakke)
- Smelt margarin i ei gryte. Ta gryta til side og ha i vatn. Blandinga skal bli fingervarm, ca 37 grader, for det likar gjæra så godt.
- Hell blandinga i bakebollen og rør ut gjæra.
- Bland mjølet med osten.
- Bland mjølblandinga med gjærblandinga. Elt til deiga er jamn og glatt og slepp reidskap og bolle. Du bør røre med ei sleiv, ikkje ein visp.
- Dekk bakebollen med eit fat, og la deiga heve så lenge som råd.
- Skru omnen på 220 grader.
- Del opp paprika, purre og skinke og surr det i steikepanna til purren vert mjuk.
- Trill den ferdigheva deigen til ei ca 50 cm lang pølse.
- Kjevle deigen til eit rektangel (15x50cm) og legg skinke, grønsaker og ost langs midten. Rull saman og form til ei kringle på bakebrett.
- La kringla etterheve.
- Steik kringla på 220 grader i 20 til 25 minutt.
- Del i høvelege bitar, og sel dei i kantina.
Form til ei kringle |
Fruktsalat
Nam! |
1 nektarin
1 banan
½ appelsin
1 eple, eller 1 pære
10 blå druer eller 10 jordbær
4 ruter sjokolade
1.
Skyll all frukta
2.
Reins appelsina
3.
Del appelsina i båtar og del
kvar båt i bitar. Legg bitane i glasskål.
4.
Opne ananasen, sil av laken,
ta vare på laken,
5.
Del ananasringane i passelege
bitar. Legg bitane i glasskål.
6.
Del druene/jordbæra i 2 og
legg dei i skåla.
7.
Fjern kjernehuset frå
eplet/pæra, del i båtar og i bitar. Legg bitane i skåla.
8.
Fjern steinen frå nektarinen,
del nektarinen i bitar, og bland dei i skåla.
9.
Skrell banana, del den i 2 på
langs og så i skiver. Legg bitane i glasskåla.
10. Finhakk sjokoladen og bland den inni fruktsalaten.
11. La fruktsalaten stå i kjøleskapet til
vi skal ete han. Server den som den er eller med is eller vaniljesaus til.
Reins ripsen |
Ripsis
1 eggekvite
1,5 dl kremfløyte
2,5 dl rips (reinsa)
1,5 dl sukker
1.
Reins ripsen. Legg dei i ein kenwoodbolle.
2.
Knus ripsa med ein gaffel. Bland i sukker.
3.
Ha i eggekvita og pisk med maskina. Pisk til det fluffar seg godt
opp. (Det er umuleg å piske for mykje, og du forstår kva eg meiner.)
Pisk til den fluffar seg |
4.
Stivpisk kremfløyten for seg, bruk den andre kenwoodbollen, og vask
vispen i mellom.
5.
Bland alt med slikkepott. Ha røra i former(isboksar fungerer fint).
6.
La
isen fryse, helst over natta
Kjelder
Kokebok for alle
og jammen smakte ripsisen bra! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar