onsdag 26. august 2015

2. økt: Blåbærturen

Mål i læreplanen

Mat og helse:

  •  vurdere og velje varer ut frå etiske og berekraftige kriterium
  •  gi døme på korleis (…) tillagingsmåtar eller matvanar har endra seg over tid (…), og forklare korleis det har verka inn på livet til folk
Naturfag:

  • observere og gi eksemplar på korleis menneskelig aktivitet har påverka eit naturområde, undersøke ulike interessegruppers syn på påverknad og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar
  • gi varierte eksemplar på korleis samar (og andre) utnytter ressursar i naturen
Vektrekord, 167 g på 15 minutt
Matematikk:


  • samanlikne og rekne om mellom heile tal (…) og tal på standardform, uttrykkje slike tal på varierte måtar og vurdere i kva for situasjonar ulike representasjonar er formålstenlege
  • gjere overslag over og berekne (…) volum, (..) massetettleik (…)
  • velje høvelege måleiningar, forklare samanhengar og rekne om mellom ulike måleiningar, bruke og vurdere måleinstrument og målemetodar i praktisk måling og drøfte presisjon og målevisse

Allemannsretten

I Noreg er ferdsle regulert av allemannsretten. Den gir deg rett i til å ferdast og å opphelde deg i norsk natur. Den gjeld i skogen, på fjellet, ved sjøen og elva og i vatna, uavhengig av kven som eig grunnen. Du har også rett til å hauste av naturen. Du kan plukke bær, sopp og blomar, og fiske i saltvant. Fiske i ferskvatn er regulert gjennom fiskekort, men du som er under 16 år kan fiske med stang med krok som ein held sjølv utan fiskekort.
Allemannsretten gjev også plikter. Ferdsel og opphald må skje slik at du ikkje øydelegg for grunneigar eller andre som er på tur. Du skal alltid ta deg fram med varsemd og ta vare på naturen der du går. Dette fører til at motorisert ferdsel og bruk av til dømes paintball kan vere uloveleg, sjølv om du har allemannsretten. Sykling og bruk av hest er lov dersom ein ikkje øydelegg grunnen.  Allemannsretten er lovfesta i friluftslova. Dette er ganske unikt for Noreg.

Pannekaker

12 dl sikta kveitemjøl
5 dl sammalen fin kveite
2 ts salt
2,5 liter mjølk
16 egg
Flytande margarin

Bland mjøl og salt. Tilsett halvparten av mjølka og rør til ei jamn og klumpfri røre
Tilsett resten av mjølka og egga. Rør godt. La røra svelle(minst 15 minutt)
Varm margarin i ei steikepanne. Steik tynne pannekaker på begge sider. Hald dei ferdige pannekakene varme!

Frå ”kokebok for alle” noko omarbeida.




Rørte blåbær

2 dl blåbær
0,5 dl sukker

Rør bæra. (Det betyr: knus bæra med ein gaffel i ei glasskål til det ser ut som rørte blåbær)

Kokt blåbærsylte

1 liter blåbær
4 dl sukker
Bittelitt vatn (ca 3 ss på tørre bær)
Reine glas – volum til saman 1,2 liter

Vask glasa godt i såpevatn. Skyl dei godt i rennande vatn og la dei ligge i varmt vatn til du treng dei. Ha bæra i ei gryte. Ha vatnet over, slik at grytebotnen blir fuktig. Kok langsamt opp, og la det koke i om lag 10 minutt. Tilsett sukker medan du rører. Kok opp igjen. Skum av. Fyll i reine glas. Fyll glasa heilt og skru straks på lokket.

Gelégodteri av bringebær

·         250 gram kvitt sukker(200 gram til geleen, resten til pynt)
·         200 g bringebær
·         1,5 dl vatn
·         3 gram sitronsyre
·         15 gram pektin

1.       Les gjennom heile oppskrifta.
2.       Legg bakepapir ned i ei firkanta boks med botnareal på ca 200 cm2(til dømes 10x20 cm).
3.       Mål opp 100 gram sukker og legg det i ei gryte, saman med 1,5 dl vatn, bringebæra og sitronsyra.
4.       Kok opp blandinga, og la det boble under lokk i nokre minutt.
5.       Legg eit reint, vått kjøkkenhandkle i ei sikt og la safta renne gjennom handkleet og ned i ei grytte. Ikkje press, for då blir geleen uklar.
6.       Kok opp safta på ny. Mål opp 100 gram med sukker til, og ta ut 3 spiseskeier av dette sukkeret, som du blandar med 15 gram pektin. (Kva er pektin?)
7.       Hell pektin og sukkerblandinga over i den kokande safta medan du rører. NB: Dersom det ikkje kokar, eller du ikkje rører, blir dette klumpete!
8.       Skru av varmen, ha i resten av sukkeret og rør til alt har løyst seg opp. Når safta er heilt klar(blank), heller du den over boksa.
9.       La geleen stivne til neste dag.
10.    Skjer gelestykke i om lag 2 cm store terningar.  (her meiner oppskrifta at terningen skal vere 2x2x2 cm, og då blir jo volumet 23cm, og det er jo____________)
11.    Vend terningane i sukker(Til pynt).
12.    Oppbevarast i ei lufttett boks med bakepapir mellom laga. (Haha, som om vi greier å spare på dette…)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar