Vi hadde 3 ulike salatar å velje mellom, couscus, quinoa og pasta. |
tirsdag 19. januar 2016
14. økt: Salatar på etterjulsvinteren
13. økt: Familiemiddag med 9. klasse, og "mat som passar å ete etter at ein har vore ute i snøen ein heil dag" med 6. klasse
Sjokoladebrød, aniskringler og sjokoladekjeks |
9. klasse
Vi brukte timane til å planlegge og gjennomføre middag saman med familiene våre. Vi serverte middag til 50 menneske klokka 16.00 akkurat. Ganske imponerande, med tanke på at vi hadde valfag fram til klokka 15.05. Heldigvis hadde vi budd oss godt, og kutta opp alt vi trengte og bruna kjøttet før på dagen. Middagen var ferdig til klokka 16.45, og klokka 17.00 kunne alle dra heim, resten av oppvasken kunne stå til dagen etter.
Meny: Foreldre og barn, eller Oyako-donburi
(Oyako-donburi er ein japansk rett, som inneheld både kylling og egg, og derfor har det velklingande namnet "foreldre og barn", noko vi tykte høva godt til ein familiemiddag)
Du treng(til 5
personar):
·
Sopp,
helst japansk
·
2
store gulrøtter, kutta i julienne bitar
·
2
vårlauk, kutta i små bitar
·
2
ss olje
·
1
pk kyllingkjøttdeig
·
4
egg
·
1
ts salt
·
1
dL soyasaus
·
0,5
L kyllingbuljong
·
2
ss kvitt sukker
Arbeidslista, det einaste eg rakk å ta bilde av.... |
Du gjer:
1. Vask, skrell og kutt lauk, sopp,
gulrot og vårlauk i fine bitar.
2. Løys opp buljongterningane.
3. Varm oljen.
4. Steik kjøttdeig og lauk i oljen,
til lauken er gyllen.
5. Hell av så mykje veske som muleg.
6. Ha i sopp og gulrot. Steik i 5 nye
minutt.
7. Hell over buljong, soyasaus, salt
og sukker. La det koke i ca 5 minutt.
8. Pisk saman egga, hell dei over, og
la det trekke(skru ned temperaturen) inn i gryta medan det steiker vidare i 10
minutt. Du skal ikkje røre, men du kan dytte varsamt i gryta med etepinnar for
å få egget til å trekkje seg heilt inn.
6. klasse laga mat som er god å ete når ein kjem inn frå leik i snøen.
i Vi laga kakao, aniskringler, sjokoladekjeks og sjokoladebrød. Sjokoladebrøda var ganske rare å ete, det såg ut som kake, men smakte gjær. Eller smakte det gjær? Var det berre det at gjærsmaken overraska oss som førte til at vi kjente den så godt?
Aniskringler
Ingrediensar:
1 pk gjær
60 g margarin
3 dl mjølk
50 g sukker
1 ss anisfrø(Hildegunn vil gjerne ha meir anis)
600 g kveitemjøl
Framgangsmåte:
Smelt margarin og ha i mjølk slik at dette blir fingervarmt. Rør ut
gjæra i sukkeret. Bland saltet med det meste av mjølet. Rør inn gjær, sukker,
margarin og mjølk. Kna godt, pass til med resten av mjølet og la heve godt.
Del i 16 like bitar. Trill fingertjukke pølser og vri kringler. Steik
på 200 grader. Ta kringlene ut av ovnen og dypp i kokande vatn når dei er
lysegule. Hald deretter fram med steikinga til vatnet har turka bort.
Sjokoladebrød
Ingrediensar:
1 pk gjær
4,5 dl lunka vatn
2 ts salt
½ dl sukker
11 dl fin kveite
1 ½ dl kakao
Framgangsmåte:
Bland mjøl, sukker, kakao, gjær og salt i ein bolle.
Varm vatnet til den er fingervarm i ei gryte. Bland det våte og det tørre. Kna godt, minst i 10 minutt. Dei siste 2
minutta har du i oljen. Hev godt. Bak deiga ut på steikebrett med bakepapir.
Lag ruter i deiga. Set på ovnen. Etterhev. Steik i ca 35 minutt på 180 grader
varmluft.
Sjokoladekjeks
ingrediensar:
2 egg
300 g
sukker
1-2 ts
bakepulver
200
gram margarin
300 g
kveitemjøl
1-2 ts
vaniljesukker
1
plate hakka sjokolade
Framgangsmåte:
Rør smør og sukker kvitt,
sikt i kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker. Rør deretter in eit og eit egg.
Hakk sjokoladen i bitar og rør den forsiktig inn i røra. Sett deiga i toppar
med teskei på ei smurd plate. Steikast på nedste rille til dei er (her er hol i
oppskrifta. Giss) det skal ta ca 8 min på 180 grader å få dei..........
Klare til å bli steikte. |
Dette ser godt ut! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)