tirsdag 19. januar 2016

13. økt: Familiemiddag med 9. klasse, og "mat som passar å ete etter at ein har vore ute i snøen ein heil dag" med 6. klasse

Sjokoladebrød, aniskringler og sjokoladekjeks

9. klasse

Vi brukte timane til å planlegge og gjennomføre middag saman med familiene våre. Vi serverte middag til 50 menneske klokka 16.00 akkurat. Ganske imponerande, med tanke på at vi hadde valfag fram til klokka 15.05. Heldigvis hadde vi budd oss godt, og kutta opp alt vi trengte og bruna kjøttet før på dagen. Middagen var ferdig til klokka 16.45, og klokka 17.00 kunne alle dra heim, resten av oppvasken kunne stå til dagen etter.

Meny: Foreldre og barn, eller Oyako-donburi

(Oyako-donburi er ein japansk rett, som inneheld både kylling og egg, og derfor har det velklingande namnet "foreldre og barn", noko vi tykte høva godt til ein familiemiddag)

Du treng(til 5 personar):

·         2 lauk, i tynne skiver
Det blei mykje lauk å gjere klar!
·         Sopp, helst japansk
·         2 store gulrøtter, kutta i julienne bitar
·         2 vårlauk, kutta i små bitar
·         2 ss olje
·         1 pk kyllingkjøttdeig
·         4 egg
·         1 ts salt
·         1 dL soyasaus
·         0,5 L kyllingbuljong
·         2 ss kvitt sukker

Arbeidslista, det einaste eg rakk å ta bilde av....
·         Ris, bland gjerne geisha og jasmin halvt om halvt for å få ”japansk konsistens”.

Du gjer:

1.       Vask, skrell og kutt lauk, sopp, gulrot og vårlauk i fine bitar.
2.       Løys opp buljongterningane.
3.       Varm oljen.
4.       Steik kjøttdeig og lauk i oljen, til lauken er gyllen.
5.       Hell av så mykje veske som muleg.
6.       Ha i sopp og gulrot. Steik i 5 nye minutt.
7.       Hell over buljong, soyasaus, salt og sukker. La det koke i ca 5 minutt.
8.       Pisk saman egga, hell dei over, og la det trekke(skru ned temperaturen) inn i gryta medan det steiker vidare i 10 minutt. Du skal ikkje røre, men du kan dytte varsamt i gryta med etepinnar for å få egget til å trekkje seg heilt inn.

6. klasse laga mat som er god å ete når ein kjem inn frå leik i snøen.
i Vi laga kakao, aniskringler, sjokoladekjeks og sjokoladebrød. Sjokoladebrøda var ganske rare å ete,  det såg ut som kake, men smakte gjær. Eller smakte det gjær? Var det berre det at gjærsmaken overraska oss som førte til at vi kjente den så godt?  

Aniskringler

Ingrediensar:
1 pk gjær
60 g margarin
3 dl mjølk
50 g sukker
1 ss anisfrø(Hildegunn vil gjerne ha meir anis)
600 g kveitemjøl
Framgangsmåte:
Smelt margarin og ha i mjølk slik at dette blir fingervarmt. Rør ut gjæra i sukkeret. Bland saltet med det meste av mjølet. Rør inn gjær, sukker, margarin og mjølk. Kna godt, pass til med resten av mjølet og la heve godt.

Del i 16 like bitar. Trill fingertjukke pølser og vri kringler. Steik på 200 grader. Ta kringlene ut av ovnen og dypp i kokande vatn når dei er lysegule. Hald deretter fram med steikinga til vatnet har turka bort.

Godt med smør og brunost på!

Sjokoladebrød

Ingrediensar:
1 pk gjær
4,5  dl lunka vatn
2  ts salt
½ dl sukker
11 dl fin kveite
1 ½ dl kakao
1 ss olje

Framgangsmåte:
Bland mjøl, sukker, kakao, gjær og salt i ein bolle. Varm vatnet til den er fingervarm i ei gryte. Bland det våte og det tørre.  Kna godt, minst i 10 minutt. Dei siste 2 minutta har du i oljen. Hev godt. Bak deiga ut på steikebrett med bakepapir. Lag ruter i deiga. Set på ovnen. Etterhev. Steik i ca 35 minutt på 180 grader varmluft.

Sjokoladekjeks

ingrediensar:
2 egg
300 g sukker
1-2 ts bakepulver
200 gram margarin
300 g kveitemjøl
1-2 ts vaniljesukker
1 plate hakka sjokolade


Framgangsmåte:


Rør smør og sukker kvitt, sikt i kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker. Rør deretter in eit og eit egg. Hakk sjokoladen i bitar og rør den forsiktig inn i røra. Sett deiga i toppar med teskei på ei smurd plate. Steikast på nedste rille til dei er (her er hol i oppskrifta. Giss) det skal ta ca 8 min på 180 grader å få dei..........
Klare til å bli steikte.



Dette sjokoladekjekset hadde mjuk sjokolade inni, perfekt steikt!






Dette ser godt ut!










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar