Nam! Dette blir godt! |
Seibiff
med lauk
1 stor eller 2 små lauk i skiver
2 ss flytande margarin (eller kaldpressa rapsolje)
½ dl vatn
1 ½ ss mjøl (kveitemjøl eller rismjøl)
1 ts salt
½ krm peppar
300 g seifilet i serveringsstykke
1.
Reins og del opp løken
2.
Brun løken i halvparten av feittet i ein kjele. Hell
i vatnet og kok opp. Denne løksjyen serverer du som saus.
3.
Bland mjøl, salt og peppar på ein tallerken
4.
Fjern bein frå fisken, og del han i høvelege stykke,
vend den i mjølblandinga.
5.
Varm resten av feittet i ei steikepanne, vent til
skummet har lagt seg og legg i fiskestykka med den glatte sida ned.
Steik fisken på middels
varme til den er gylden på begge sider og ettersteik på svak varme til den er
gjennomsteikt.Vi surrar lauken |
Firkantfisk kan vere ganske flott :) |
Salt og mjøl blanding
Nesten som lim |
Jødekaker
½ liter sukker
½ liter surmjølk
125 g margarin
7 dl kveitemjøl
1 ½ ts hjortesalt
1.
Mål opp ½ liter sukker og ½ liter kulturmjølk, og rør
dette saman i ein bakebolle
2.
Smelt 125 g margarin varsamt, så det blir gult, og la
det stå litt å bli lunka
3.
Mål opp 7 dl kveitemjøl, bland 1 ½ ts hjortesalt inn
i mjølet.
4.
Bland mjøl, hjortesalt, sukker og kulturmjølk godt
saman. Rør inn den smelta margarinen.
5.
Skru omnen på 180 grader. La deiga kvile medan varmen
går opp. Legg bakepapir på steikebrett.
6.
Sett kakene på steikebrett med to skeier. Det er plass
til 20 kaker på eit brett.
7.
Steik kakene til dei er gylne (7min?)
8. Kjøl av kakene på rist, og
hugs å vaske opp!
Gulrrot og eplesalat |
Riv på rivjernet |
Gulrot og eplesalat
2 gulrøtter
1 eple
1 ss sitronsaft
1 ts sukker
1. Reins og riv gulrota
2. Skrell og riv eplet. NB: Ikkje la det ligge for lenge, då blir det brunt!
3. Bland alt saman! Dekk med plastfolie og la det stå i kjøleskapet til vi skal ete :)
Pizzasnurrar |
Det er praktisk å steike dei i muffinsformer |