mandag 21. september 2015

4. økt: Kjøttkaker og jødekaker

Ei kjøttkake av storfe og ei av svin. Poteter, grønsaker og heimelaga saus. Dette var godt!

Poteter og gulrøtter

Poteter kan kokast på mange måtar, dei kan vere vaska eller skrella. Dei kan leggast i kokande vatn, eller i kaldt vatn. Dei kan kokast med eller utan salt. Men desse tinga må vi tenke på:
Vatnet skal akkurat dekke
  • Potetene skal vere reine.
  • Gryta skal passe (for stor gryte treng meir energi, og er lite miljøvenleg, for lita gryte kokar over).
  • Potetene skal så vidt dekkast med vatn i gryta, vatnet kan godt vere varmt.
  • Du bør bruke grytelokk for å spare miljøet
Potetene treng omlag 20 min koketid. Gulrot greier seg med ca 10 minutt, men kan koke saman med potetene dersom du likar dei godt kokt. Når potetene er ferdige(Stikk i dei for å finne ut om dei er mjuke), skal du skire av dei. Det betyr: Slå av vatnet, og set gryta tilbake på plata utan lokk nokre sekund for å sleppe ut dampen



Kjøttkaker i brun saus

Vi testa både svinekjøttdeig og storfekjøttdeig til kjøttkakene.

Kjøttkaker:
250 g kjøttdeig
½ ts salt
1 krm pepar
½ krm ingefær
½ krm muskat
1 ss potetmjøl
1-1,5 dl mjølk

Brun saus:
2 ss margarin  
4 ss kveitemjøl
6 dl vatn
1 ts peppar
1 ts salt
anna krydder?
Steikesky frå kjøttkakene

Brun margarin, ha i mjølet og rør til det blir nøttebrunt.
1.                  Lag sausen i ei gryte. Brun margarinen til den er lysebrun, ha i mjølet og rør til det blir nøttebrunt. Ta gryta av plata og tilsett ca 2 dl av vatnet. Rør godt, så klumpane forsvinn. Tilsett så resten av vatnet og rør godt. La sausen koke opp og smak den til med peppar og salt og eventuelt anna krydder.
Muskatnøtt
2.                  Set sausen til sides medan du lagar kjøttkakene. No treng du ein plastbolle. Rør kjøttdeigen godt med salt, krydder(muskat, ingefær og pepar) og potetmjøl. Tilsett mjølka, litt om gongen og rør godt mellom kvar gong. Det du har laga no, kallar vi farse.
Kjøttfarsen
3.                  Finn fram ei steikepanne og rapsolje til å steike i. Varm oljen i steikepanna. Finn fram ei skål med kaldt vatn og ei skei. Dypp skeia fyrst i det kalde vatnet og ta så ei skei i farsen og form runde kjøttkaker med handa og skeia.
Steik kjøttkakene, ei fyrst.
4.                  Steik kjøttkakene fint brune på kvar side, og legg dei over i sausen.
Fint brune på begge sidene
Trekke vidare i sausen
5.                  Hell det som måtte vere att av feitt over i sausen. La kjøttkakene trekkje i sausen i 10-15 minutt til dei er gjennomkokte. (å trekkje tyder å nesten koke, varm opp til det boblar og skru plata ein ned)


Jødekaker

½ liter sukker
½ liter surmjølk
125 g margarin
7 dl kveitemjøl
1 ½ ts hjortesalt

  1. Mål opp ½ liter sukker og ½ liter kulturmjølk, og rør dette saman i ein bakebolle
  2. Smelt 125 g margarin varsamt, så det blir gult, og la det stå litt å bli lunka
  3. Mål opp 7 dl kveitemjøl, bland 1 ½ ts hjortesalt inn i mjølet.

Slik ser røra ut
4 Bland mjøl, hjortesalt, sukker og kulturmjølk godt saman. Rør inn den smelta margarinen.
5 Skru omnen på 180 grader. La deiga kvile medan varmen går opp. Legg bakepapir på steikebrett.
Set på bakeplata med to skeier
6 Sett kakene på steikebrett med to skeier. Det er plass til 20 kaker på eit brett.
7 Steik kakene til dei er gylne (7min?)
Ferdige jødekaker

8 Kjøl av kakene på rist, og hugs å vaske opp!

Historia til Jødekakene

Sidan mange lurte på kvar jødekakene kom frå, så hentar eg denne forklaringa frå den førre bloggen min.

Jødekaker kan vere så mangt. Hilde Disen (2004, s 126) skriv at det står heile 4 oppskrifter på jødekaker i Hanna Winsnes si ”Lærebog i de forskjellige Grene af Husholdningen” frå 1848. Jødeparagrafen blei ikkje oppheva før i 1851, etter iherdig innsats frå Wergeland (Ulvund, 2013). Hanna Winsnes si kokebok kom ut 5 år før dette, så kvar hadde ho oppskriftene frå? Hanna hadde nokre av sine barneår i Danmark (Hareide, 2009) og jødekakene er godt kjende der. Jødekakene kom til København med jødiske bakarar (Goldschmidt, 1992). Goldschmidt fortel vidare at jødane kalla desse kakene brune kager. I Norge har jødekakene sin sterkaste tradisjon i Rogaland og Kristiansund, der dei blir selde frå mange bakeriutsal. Døme på dette er baker Sevaldsen (Kongsvik, 2005 s 81). Fleire oppskrifter på jødekaker som eg finn på nettet hevdar at jødekakene er ei fornorsking av ein sefardisk tradisjon, utan å grunngi dette noko nærmare (Opplysningskontoret for meiriprodukt, s. a. ). Den sefardiske tradisjonen kom frå Portugal og Spania, land som er tett knytte til Kristiansund og Vestlandet gjennom klippfiskhandelen. Ideen om at jødekakene er sefardiske kan derfor nok ha noko for seg den òg. Kokeboka etter oldemor Dina er frå Stavanger Husmorsskole, og dreg linjene tilbake til Rogaland, som så mange andre spor etter jødekaka. Men Hanna Winsnes dreg linjene mot Danmark og bakarar der. Nærmare svaret på jødekakemysteriet kjem eg vist ikkje i denne omgang. Det ser ut til å vere to hovudtypar jødekaker, dei eg har laga er i ”butterdeigstil” med smuldring av smør og mjøl, det fins òg ein annan versjon basert på mjølk.




Trill glatte, jamne bollar. Helst utan sprekker!


Bollar

Du treng:

1/2 pakke fersk gjær
2 dl lunka mjølk
4 ms flytande margarin
4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
ca 5,5 dl kveitemjøl

Mjølk til pensling

Du gjer:
  1. Smuldre gjæra i ein bakebolle. Lunk mjølka varsamt i ei lyta gryte. 
  2. Tilsett litt av den lunka mjølka og rør ut gjæra.
  3. Tilsett resten av veska, margarinen, sukker og kardemomme. Rør godt.
  4. Tilsett nesten alt kveitemjølet og kna til deiga er jamn og slepp kanten på bollen. Det er lurt å berre bruke ei hand. Er deiga for fuktig kan du tilsette resten av mjølet.
  5. Dekk bakebollen med ein tallerken og la deiga heve så lenge som råd, eller til dobbel storleik.
  6. Set omnen på 240 grader. Hugs både over og undervarme! Finn fram bakeplate, legg bakepapir på bakeplata.
  7. Elt den ferdigheva deigen og del i 12 like store bitar.
  8. Trill jamne og glatte bollar. Etterhev på bakebrettet.
  9. Steik i ca 10 minutt, eller til bollane ser ferdigsteikte ut.
  10. Pensle dei varme bollane med mjølk, så blir dei blanke og fine :)
    Desse er klare til å bli pensla





































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar