fredag 16. oktober 2015

7. økt: Lapskaus

Dette er vel meir brennsnut enn lapskaus?


Denne økta har vi laga lapskaus, appel chrisp og grove rundstykker. Etter denne økta har alle elevane fått med ein porsjon grove rundstykker heim. Oppskrifta på dei finn du i førre blogg-innlegg.
Denne deiga blei så fin og seig at vi berre måtte ta bilde av den :)
Heve bra gjorde den også :)

Mål i læreplanen:
  • vurdere og velje varer ut frå etiske og berekraftige kriterium
  • lage mat for ulike sosiale samanhengar og drøfte korleis mat er med på å skape identitet
Kva er eigentleg lapskaus? Lærar Hildegunn skil mellom lapskaus og brennsnut, der brennsnuten er meir rennande og suppeliknande enn lapskausen. Vi måtte diskutere dette begge øktene, for sjølvom oppskrifta i "kokebok for alle" heiter lapskaus, syns dei fleste den var meir rennande enn den som blir laga heime.


Vi snakka ein del om ingrediensane, om vi kanskje kunne finne ut kvifor denne lapskausen blei så rennande ut frå dei, og kom vel til at det truleg er mangelen av restepoteter som gjer at vi opplever denne retten meir som ei suppe.  Vi snakka og om kor omtrentlege måla i middagsoppskrifter ofte er. Kor mykje er eigentleg ei skive rabbe? Vi brukte baconterningar og kotelettar og ein pakke med grillpølser til kjøtt. Vi har ikkje så mange restar i mat og helse, men vi kastar ikkje mat :) Vi brukte litt tid til å snakke om kvifor vi prøver å unngå å kaste mat.

Til dessert hadde vi Appel Chrisp, ei amerikansk oppskrift på ein epledessert som er "yummie comfortfood". Vi fekk tid til å snakke litt om korleis vi opplever mat på ulike måtar, og om dette hadde blitt den same retten dersom oppskrifat av på norsk.

Lapskaus

til 2 middagsporsjonar, eller til 4 elevar i mat og helse

250 g beinfritt kjøt i terningar. (Vi brukte svinekotelettar)
50 g saltkjøt, i terningar (Vi brukte bacon)
Baconterningane
5 dl vatn
1/2 ts salt
1 lauk, grovhakka
Kutte lauk!
Med denne starten, blir det lite grining.
4 poteter, i terningar
1-2 gulrøter, i terningar
2 skiver kålrot, i terningar
Kor mykje er eigentleg 2 skiver kålrot? Kjem ikkje det litt ann på kor stor kålrota er???
1 skive sellerirot, i terningar
Sellerirot
1/2 purre, finsnitta
Finsnitta purre
1/2 krm pepar

Klart for trekking.
1. Kok opp vatnet, ha i kjøtet, salt og lauken. la alt trekkje like under kokepunktet i 30 minutt.
2. Skyll, reins og del opp poteter og grønsaker. Ha potetene, gulrot, kålrot og sellerirot i gryta like før andakta.
Rotgrønsakene i omlag jamnstore terningar. Kvifor bør dei vere jamnstore?
3. La lapskausen trekkje vidare til potene er nesten møre, ca 20 minutt.
4. Set til purre, og la lapkausen trekkje i ca 5 minutt til.
Smak til med pepar og eentuelt meir salt.

Apple Crisp with Oat Topping

Kor langt kan du skrelle?
Filling:
5 apples, peeled and thinly sliced (3 if the apples are large)
Reinsa epler
1/3 cup sugar

Topping:
1/4 cup rolled oats
1/4 cup firmly packed brown sugar
1/4 teaspoon cinnamon
1/4 cup all-purpose flour
3 tablespoons cold butter cut in small pieces

Delt og sukra
På veg inn i omnen
Mix filling ingredients together; spoon into a lightly buttered 15x15x5 cm baking dish.

In a mixing bowl, combine oats, brown sugar, cinnamon, and flour. Cut in cold butter until coarse crumbs form.  Sprinkle topping evenly over fruit and press down lightly. Bake at 250° for about 30 to 35 minutes or until topping are browned and fruit is tender and bubbly.


Engelsk

Norsk

Oat
Havre
Peeled
Reinsa
Thinly sliced
Tynnt delte
Rolled oat
Havregryn
Cinnamon
Kanel
All-purpose flour
”vanleg mjøl” = Kveitemjøl
Spoon into
Fordel med skei i
Lightly buttered
Lett smurd
Baking dish
Eldfastform
Combine
Kombiner, eller rett og slett bland
Coarse crumbs
Store smular/små bitar
Sprinkle
Dryss
Evenly
Jamt
Tender and bubbly
Mjuk og boblande


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar