fredag 2. oktober 2015

6. økt: Kyllingwok og eplegraut

Kyllingwok

Kva lagar vi?

  • Kyllingwok til middag
  • Eplegraut til dessert
  • Plommemuffins til kantina
  • Grove rundstykker til å ta med heim

PS: Dei som ikkje lagar grove rundstykker denne veka, får gjere det veka etter haustferien :)

Kyllingwok

 Du treng:
3 kyllingfiletar
  • 2 ts ingefærkrydder
  • 2 ss soyasaus(ev glutenfri?)
  • Ein desj olje
2 store gulrøtter
½ søtpotet
½ boks minimais
1 paprika
1 liten purre
½ kinakål
ris, ca 1/2 dl ukokt ris pr person til lunsj

Slik gjer du:

La kyllingen ligge i marinaden.
1.         Del kyllingen i strimlar og legg strimmlane i krydder og olje og la dei kvile der.
2.         Skrell gulrot og søtpotet og del desse i julienne bitar
"Julienne" er jamne små bitar som er lette å ete med pinnar

Vi deler rotgrønnsakene fyrst.
Vi brukte hovudkål i staden for kinakål.
Minimais i strimlar blir slik :)
Pass på å steike kyllingen godt i woka!
3.         Vask og del paprika, minimais, purre og kinakål i strimlar. Kok risen!

Wok kyllingen!
4.         Wok kyllingen i wok eller steikepanne og ta det gjennomsteikte kjøttet ut av wokka. 
Kvile i ei eldfastform.
5.         Wok rotgrønsakene i wok eller steikepanne og legg dei saman med kjøttet
6.         Wok resten av grønsakene raskt.
Alt tilbake i woka.
7.         Putt alt tilbake i woka og bland.
8.         Server med ris til.


Smakar best med pinnar, ikkje sant?

Japansk bordvers

Dette blir med veldig dårleg transkribsjon, for eg har berre høyrdt dette verset sunge. Men det japanske bordverset vårt er omlag slik:
Kansha, kansha shoujo. Kansha, kansha shoujo. Kansha, Kansha shoujo kokoro ni.

Det betyr omlag: Takk, takk Herre, Takk frå mitt hjerte.


Eplegraut

Norske epler
ca 400 g skrelte epler i sotre bitar
250 ml vatn
ca 1 dl sukker 
Jamning av 1, 5 ss potetmjøl rørt ut i 50 ml kaldt vatn

Slik gjer du:


    Skrell epla
  1. Skyll, skrell og del epla i store bitar.
Del epla i store bitar.
  1. Kok opp vatnet med halvparten av sukkeret.
  2. Kok epla møre i sukkerlaken. Smak til med meir sukker om naudsynt.
  3. Lag potetmjølsjamning av potetmjøl og kaldt vatn.
  4. Ta gryta av plata. Ha i potetmjølsjamninga med ein tynn stråle medan du rører godt, slik at det ikkje klumpar seg.
  5. Set kjelen tilbake på plata og la grauten få eit oppkok.
  6. Hell over i ei glasskål og set kaldt. 
  7. Serverast kald med litt sukker på. Dette er godt med litt fløyte på også.

Nam!

Plommemuffins

Opalplommer
15 plommer
100 g smør/margarin
4 egg
2 ts vanilje sukker
5 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 dl sukker

Slik gjer du:

    Fjern steinen
  1. Del plommene i 2, og fjern steinen.
  2. Set steikeomnen på 175°C.
  3. Egga
    Rør saman
  4. Smelt smør.
  5. Bland egg, vaniljesukker, mjøl, vakepulver, sukker og smør saman.
  6. Fordel røra i 30 muffinsformer
  7. Dytt 1/2 plomme ned i kvar muffinsform.
    Inn i steikeomnen
  8. Dytt ½ plomme ned i kvar muffinsform. 
  9. Nam!
  10. Steik muffinsen midt i omnen i ca 30 minutt.  
    Klare til kantina :)

Grove rundstykker

1/2 pakke gjær
2 dl lunka vatn
1/2 ts salt
1/2 dl havregryn
2, 5 dl sammalt kveite
ca 2 dl kveitemjøl 

Slik gjer du:

    • Havregryn
  • Smuldre gjæra i ein bakebolle. Rør den ut i litt av det lunkne vatnet. Hell i resten av vatnet, salt og olje og rør godt.
  • Ha i vatn, olje, salt og havregryn.
    Dette er for laust.
  • Rør inn havregryn og alt det sammalte mjølet.
  • Ha i kveitemjøl, litt og litt. og kna til deiga vert jamn og smidig, slik at dne slepp reidskap og bolle. Set til heving. Deiga bør få heve så lenge som råd. Helst ein time, men her på skulekjøkkenet, er vi heldige om vi rekk ein halv time. Deiga må få heve ein lun og god stad. Dekk med eit fat, og set den nær ein omn, eller til heving i vasken.
  • Ferdig heva deig :)
  • Trill til ei jamn pølse.
  • Elt den ferdigheva deigen på benken, og kna til ei jamn pølse som du deler i 8 like store bitar. 
  • Trill 8 glatte rundstykker
  • Trill glatte rundstykker av bitane. Rundstykka bør ikkje ha sprekker. Legg dei til etterheving på bakeplata. Rundstykka bør etterheve i ca 30 minutt, eller til dobbel storleik på plata. Vi prøver, men må ha dei ferdige til timen er slutt. Omnen bør settast på 240 grader no.
  • Steik rundstykka midt i omnen i omlag 12 minutt. Avkjøl på rist. Ikkje putt varme rundstykker i lukka plastpose!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar