Nam! Gulrotsuppe og scones! |
Oppskrifta på desse har vi hatt her før |
Vi pyntar med serviettar til gjestene kjem. |
Serviettblome |
Mål i Læreplanen:
- vurdere kva god måltidsskikk inneber
- bruke rekning for å auke eller redusere mengda i oppskrifter, prøve dei ut og vurdere resultatet
- følgje oppskrifter
Gulrotsuppe
Du treng:
1 liten lauk
2 fedd kvitlauk
1 ms olje
ca 300 g gulrot
ca 1 cm frisk ingefærrot
5 dl vatn (ca)
1 grønsaksbuljongterning
0,5 dl kokosmjølk eller kremfløyte
Du gjer:
Hakk lauk og kvitlauk i små bitar.
Skrell gulrota, og del den i små terningar.
Hakk ingefærrota. Pass på å ikkje ta deg i augene med ingefær på fingrane.
Surr lauk og kvitlauk i oljen, til den blir mjuk.. Ha i gulrot og ingefærrot og surr litt til.
Ha i vatn og buljongtærning. La suppa koke til alle gulrotbitane er møre.
Køyr suppa i foodprofessor, eller bruk stavmiksar på den. Den skal bli heilt glatt.
Tilsett kokosmjølk/kremfløyte og pepar og la suppa putre til den er klar.
Til glatt suppe i matmølla. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar