torsdag 10. desember 2015

12. økt: Snart jul - Fiskegrateng

Denne økta har vi:
laga:

  • fiskegrateng
  • risbollar
  • lussekatar
  • leverpostei


Snakka om:

  • kvit saus - koagulering og klumpar
  • juletradisjonar
  • lever

7 slag julekaker(elevtekst)


I gamle dagar var det vanleg å lage 7 sortar småkaker til jul, men det varierar kva slags kaker kvar enkelt bakar. Før var det mest vanleg å bake berlinerkransar, fattigmann, goro, krumkaker, sandkaker, sirupsnippar og smultringar.

Idag er det mest vanleg med: Pepperkaker, julemannar, risbollar, kolakaker/ brune pinnar, kransekakestenger, kokosmakron og sjokoladekjeks. Det finst mange andre sortar også, folk brukar å lage sine favorittar, det er litt forskjellig kva slags sortar som er vanleg å bake, og det er forskjellig med kvar man bur i landet. Foreksempel julemannar som er mest vanleg på Vestlandet er ikkje så vanleg på Austlandet. Nokre tradisjonelle kaker lagar vi forsatt, men meir moderne kaker som nonstoppkjeks, karamellkjeks og Sarah Bernhardt blir gradvis meir populære.

Fiskegrateng

Fiskegrateng

Du treng:

2 dL ukokt makaroni
5 dL mjølk
3 ms kveitemjøl
1 ts salt
1 krm pepar
2 krm malt muskat
4 egg
Ca 500 g fiskefile
2 dL amerikansk blanding
4 ms strøkavring

Du gjer:
1.      Kok makaronien etter rettleiinga på pakken.
2.      Visp saman kald mjølk og kveitemjøl i ein kjele til det blir klumpritt. Kok opp medan du rører.
3.      Del fisken i bitar og bland den med grønsaker og makaroni.
4.      Smak til sausen med salt og krydder og avkjøl sausen litt, slik at du ikkje risikerer at egga koagulerer.(Kva betyr det?)
5.      Skru på omnen, 170 grader). Gjer klar ei stor eldfast form (3 L) til gratengen.
6.      Rør inn egga i sausen. Rør så sausen saman med grønsaker, makaroni og fiskebitar. Slå alt over i smurd, eldfast form, og dryss eventuelt strøkavring på toppen.Steik gratengen til den er gyllen.


Risbollar

Ingrediensar:
125 g kokosfett (delfiafett)
100 g kokesjokolade
1 stk. egg
1 dL sukker
1,5 ss kokt kaffi  
ca. 75 g puffa ris
Risbollar!

Før ein fordeler i former.
Gjer slik:
Smelt delfiafett og sjokolade saman. 

Smelt varsamt!
Avkjøl.
Pisk eggedosis av egg og sukker. Rør inn kaffe og delfiafett/sjokolade. Elt lett inn puffa ris.
Sett bollar med skje i muffinsformer. Avkjøl og oppbevar i kjøleskap til servering.

Lussekattar


Ingrediensar
·         300 g smør
·         1 L Mjølk Heil
·         50 g gjær
·         2 g safran el 1 ts gurkemeie
·         300 g sukker
·         1 ts salt
·         4 ts kardemomme
·         26  dl kveitemjøl
Pensling og pynt:
·         2 samanvispa egg og 2 dl rosiner


Hugs å tarere vekta!


Slik gjer du
1.      Sett steikeomen ved 255 grader i ca. 5-8 minutt. 
2.      Smelt smøret. Tilsett mjølka. Smuldre gjæra i bakebollen og rør den ut i litt av den lunkne mjølkeblandinga. Bland i resten av væsken.
3.      Rør i sukker, salt, kardemomme, safran eller gurkemeie, og mjøl til deigen er passe fast. La deigen heve under plast på lunt stad til dobbel størrelse.
4.      Strø litt mjøl på bordet, elt deigen godt. Del deigen i biter (ca 64 dersom du skal lage vanlege Essar) og trill dei til lange fingertykke pølser. Form ulike lussekatter, alt etter fantasi. Legg dem på bakepapir eller smurt steikeplate og la dei heve under plast på lunt sted ca. 15 minutt.
La deiga heve godt!
5.      Pensle med samanvispa egg og pynt med rosiner. Steik lussekattene. La dei avkjølast litt på rist. Dei smaker aller best litt lunkne.
Nam! Lussekattar!
Pass tid og temperatur når du steiker noko!

Leverpostei

Du treng:
500 g svinelever (Ev okselever)
Lever!
150 g lettsalta sideflesk med kjøtt
½ lauk
2 ansjosar (Makaløs)
Løk og ansjosar
75 g margarin
75 g kveitemjøl
0,5 L mjølk
2 egg
2,5 ts salt
½  krm allehånde
1 krm pepar

Du gjer:

Kok ein tjukk kvit saus slik: Smelt margarin, rør inn mjøl og spe med mjølk. Rør til den er klumpfri. Avkjøl sausen. Rør inn egga. Det kan vere lurt å røre saman egga og litt av sausen fyrst, dersom du vil vere sikker på at egga ikkje koagulerer. (Kva betyr å koagulere?) Rør inn krydder i sausen.

Mal lever, fleks, lauk og ansjosar i foodprocessor. Bland alt saman. Hell blandinga i bakepapirkledde former. Her passar til dømes brødformer, små eldfaste former og anna som kan tole varme. Det blir ein del, så pass på å ha nok former.

Steik midt i omnen på 175 grader Celsius i om lag 1 til 2 timar, alt etter kor store formene er. Bruk steiketermometer. Ingrid Espelid Hovig seier ein kjernetemperatur på 72 grader er perfekt. (Kva er ein kjernetemperatur?) Siste kvarteret kan ein sette leverposteien høgare i omnen og auke varmen til 225 grader Celsius med fifte for å få fin skorpe.

Etter steiking avkjøler ein leverposteiane. Leverposteien kan stå seg i kjøleskåp ei lita veke. Dersom den skal brukast seinare, må den pakkast forsvarleg og frysast ned.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar