Potetball
2 porsjonar
Innhald
1 kokt potet
4 rå og skrella poteter.
½ ts salt
1 dl jyttemjøl eller byggmjøl
Vatn
1 terning Kjøtbuljong
1 ts salt pr liter vatn
Framgangsmåte:
1.
Skrell ei potet. Legg den i ei lita gryte i varmt
vatn, og kok den.
2.
Skrell 4 poteter til. Rasp dei på rivjernet på det
grovaste.
3.
Skrell rabbe, gulrot, del bacon i terningar eller
pølser i 17 bitar. (ein jobb pr pers på gruppa) sett Gulrot og rabbe på kok i
ei gryte.
4.
Ein på gruppa fyller ei stor gryte med 5 liter
varmt vatn, og 5 ts salt, 4 terningar kjøttbuljong og setter plata på.
5.
Kjenn på poteta om ho er kokt, når ho er kokt knar
du henne med gaffel
6.
Bland poteter, mjøl og litt salt
7.
Form deigen til 8 små ballar, og slepp dei ned i
det kokande vatnet (vi har så kort koketid at vi må lage småball, utan fyll L )
|
Sjokoladebollar
½ pakke ferskgjær
2 dl lunka mjølk
5 ss flytande margarin
4 ss sukker
5 ½ dl kveitemjøl
12 bitar mjølkesjokolade
Framgangsmåte:
1.
Smuldre gjæra i ein bakebolle, tilsett sukker og
rør godt saman til det blir flytande.
2.
Tilsett margarin og mjølk og får godt
3.
Tilsett mjøl og elt deiga jamn og smidig. Elt med
slikkepott eller tresleiv, og etter kvart med handa. Eine handa skal vere på
kanten av bollen heile tida.
4.
Dekk bollen med ein tallerken og la den heve til andakta
er over (ca 30 min)
5.
Finn noko
anna å gjere medan det hevar…
6.
Skru omnen på 240 grader.
7.
Del deigen i 12 like store bitar og trill glatte
bollar.
9.
La bollane heve
11. Ta ut og avkjøl
på rist.
|
Vassbakkels
Du treng:
2 ½ dl vatn
125 g smør
125 g sikta kveitemjøl
Ca 4 egg
1.
Les heile oppskrifta før du startar.
2.
Skru på omnen, du må kunne sette rett inn når du
har fått bakkelsane på brett. (200 grader)
3.
Kok opp vatn og smør
4.
Tilsett mjøl og rør saman til ein graut som skal
avkjølast.
5.
Tilsett og visp inn eit og eit egg
6.
rør godt mellom kvart egg du puttar oppi(Svært
viktig)
7.
Deigen skal vere så tjukk at den held forma
8.
Set vassbakkels med skei på bakepapir. Du skal få
mellom 20 og 24 dersom du lagar dei høveleg store. Alle må få plass på same
bakepapir.
|
Appelsinkrem
Du treng:
2 ½ dl kremfløyte
½ ts sukker
½ ts vaniljesukker
1 ½ dl cottage cheese
1 ss konsentrert appelsinsaft
Du gjer slik:
1.
Du har god tid, rydd skuffene fyrst!
2.
Pisk kremfløyta saman med sukker og vaniljesukker.
Bruk gjerne kenwoodmaskina. Pass på at det ikkje blir smør.
3.
Vend inn cottage cheese og appelsinsaft
4.
Fyll vassvakkelsane med appelsinkremen. Pynt dei
med eit dryss med melis
|
lørdag 7. mai 2016
24. økta: Potetball
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar