fredag 13. mai 2016

25. økta: Chop Suey og Rullekake

Glade rullekakebakarar! 























Chop suey

4 ms soyasaus
2 ts sukker / honning
300 g reinskore kjøt av svin/kylling
1-2 ms flytande margarin
2 skiver sellerirot, grovt rivne
2 gulrøter, grovt rivne
1 skalk (150 g) kål, finsnitta
½ purre, i ringar
½ ts pepar
1 hønsebuljongterning
1 dl vatn
1 dl frosne erter
1-2 ts lys maisjamnar  

1.           Bland soyasaus og sukker/honning i eit lite fat. Del kjøtet i veslefinger tjukke strimlar og legg dei i fatet. Bland godt.
2.           Skyl, reins og del opp grønsakane.
3.           La margarinen bli varm i ei panne, set til kjøttet og la det bli brunt.
4.           Set til grønsakene og strø over pepar og ein oppsmuldra buljongterning. Hell over vatnet og rør godt
5.           La alt småkoke i 5 minutt. La ertene koke med dei siste par minutta.
6.           Smak eventuelt til med meir soyasaus. Dryss over maisjamnar dersom du vil ha sausen tjukkare
Ein porsjon på torsdag
Ein porsjon på onsdag

Rullekake

3 egg
1 dL sukker
1,5 dL kveitemjøl
1/4 ts bakepulver

Omlag 3 store skeier syltetøy til fyll.





  1. Pisk stiv eggedosis av egg og sukker. Vi piskar for hand, og desse kakene er piska til eggedosisen er stiv nok til at ein O viser når du teiknar med den. Teknikk har mykje å seie, og val av utstyr. Vi har funne ut at store metallvispar er meir effektive enn små plastvispar, og at eggedosisen blir raskast stiv i glass eller metallbolle, og seinare i plastbolle.
  2. Så stiv får vi eggedosisen for hand.
  3. Sikt inn kveitemjlø og bakepulver. vend det varsamt inn med slikkepotten. Vi har fanga lufta, ikkje slepp den ut at med å røre hardt, for då blir kaka tung og tett.
  4. Slå røra over på bakepapir i ei langpanne. stryk røra jamt utover, og pass på at hjørna ikkje blir for tynne. Denne røra fyller ikkje heile langpanna, men vi lagar eit rektangel. Det er viktig å få langpanna ganske raskt inn i omnen, så den ikkje fell saman medan den ventar på steiking.
  5. Steik kaka med ein gong, den skal stå i omlag 5 minutt på 250 grader. når ho er lysbrun på toppen er ho klar. 
  6. Medan kaka steiker finn du fram: Syltetøy, skei, eit nytt bakepapir ark og eit nytt steikebrett.
  7. Ta kaka ut av omnen. legg bakepapir over kaka. legg det nye steikebrettet opp på kaka, men baksida ned. Snu begge steikebretta, ta vekk det øvste/varme steikebrettet.
  8. Fjern forsiktig bakepamiret. Start i eit hjørne. Dra varsamt, kanskje du må gni litt varsamt opp på bakepapiret om det sit fast.  
  9. Smør syltetøyet jamt utover kaka. Rull henne fast saman. Legg henne med skøyten ned og la henne kjøle seg godt før du deler henne.
  10. Ta kaka med heim :)
Onsdagskakene 

Skulebollar


1/2 pk fersk gjær
2 dL mjølk
4-5 ms flytande margarin
4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
ca 5 1/2 dL kveitemjøl

ca 1 dL ferdig vaniljekrem
melisglasur
kokosmasse



  1. Lunk mjølka.
  2. Smuldre gjæra i ein bakebolle. Set til litt av den lunkne mjølka, og rør ut.
  3. Set til resten av væska, margarin, sukker og kardemomme.
  4. Sett til ca 4 dL av kveitemjølket og elt deigen jamn og smidig. Ha i litt og litt av det siste mjølet. Dersom det er hardt pakka treng du ikkje alt, så her må du vurdere.
  5. Dekk bakebollen med tallerken eller plast og la deigen heve.
  6. Elt den ferdigheva deigen litt og trill ei jamn pølse som du deler i 12 like store bollar. Trill jamne, glatte og sprekkfrie bollar. La bollane etterheve på bakebrettet. dekk gjerne med handkle eller plast. 
  7. Lag varsamt ei grop i kvar bolle, og legg på ei skei tjukk vaniljekrem.
  8. Steik på 240 grader i omlag 6 minutt.
  9. Lag melisglasur av vatn og melis, og smør på skulebrollane. Dypp dei i kokosmasse før glasuren stivnar.
  10. Desse kjem til å gå veldig raskt unna i kantina...



























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar