Skvalderkål/hanekam |
NAM! |
Grønsakspai
Paibotn:
250 g smør i terningar
1 ts salt
4 ss vatn
6 dl kveitemjøl
Køyr alt saman i ein foodprosessor til deiga samlar seg. Legg i kjøleskapet i minst 15 minutt dekka i plast. Skru på omnen og finn fram forma. Gjer klare grønsakene medan du ventar. Klem deiga godt ut i forma og press godt opp på kanten. Prikk deiga med ein gaffel og forsteik deiga på 200 grader i 10 minutt til den er gyllen.
Trykk deigen ut i paiforma. |
Grønsaksfyll:
1 lauk i skiver
2 paprikaar i strimlar
0,5 purre i bitar
2 fedd kvitlauk fint hakka
1 ts sambal olek
100 g fersk spinat/grønt ”ugrass”
Salt og peppar
Plukk ugras. Vask det i kaldt vatn, og ta fjern harde fiber. Det kan vere greit å forvelle ugraset. (dypp det i kokande vatn, og så i kaldt vatn) Kutt alle grønnsakene og fres dei i steikepanna. Ha spinaten i til slutt. Smak til med salt og peppar.
Vask ugraset godt! Pass på at det berre er ugras du veit kan etast i blandinga. |
Forvell ugraset. |
Kutt grønsakene i bitar. |
Hakk ugraset også. |
Steik grønsakene. |
Fyll dei forsteikte paiskala med grønsaksblandinga. |
Eggefyll:
6 egg
6 ss fløyte /heilmjølk
Persille og oregano
Salt og peppar
Pisk saman egg og mjølk. |
Pisk alt saman
Hell eggeblandinga over i paiforma. |
Når paideigen er forsteikt tilsett du grønsakene og heller eggefyllet over. Til slutt strør du over litt ost.
Kanskje vi skal ha litt ost på? |
Steik så på 200 grader i ca 20 minutt. La paien kvile litt før den delast opp. Server med frisk salat.
Ferdig steikt pai. (Det blei ost på, vi fant i kjøleskåpet. |
Ostehorn med skinke eller andre restar
Gjærdeiga
5 dl lunkent vann
5 dl lunkent vann
25 gram fersk gjær
1 ts grovt havsalt
1/2 ts sukker
4 ss olivenolje
700-750 gram kveitemjøl (Blanding av fint og grovt mjøl)
Bland alt, og elt i ca 10 minutt. La deigen heve til dobbel størrelse. Kjevl ut, og fyll horna med det vu har slengt i frysaren gjennom året. Truleg ost og skinke.
Slik blei dei denne gongen. |
Etterhev så lenge som råd og steik i forvarma omn på 225 grader og steik i ca 10 minutt.
Lettvindte Winerbrød
Smuldre margarinen i mjølet og tilsett sukkeret. Rør gjæren ut i lunket vann og ha det i blandinga. Pisk egget og ha det i. Rør deigen fort saman. Sett deigen i topper på smurt plate. Bruk to spiseskjeer.
OK, vi gløymde å ta bilder i starten. Her er dei halvt hevde. |
Hevast på plata ca. 1 time. Steikast ved 250 C i 12 - 15 minutt . Avkjølast og glaserast med melis. Det blir ca. 20 stk.
Melisglasur :) |
Dette blir godt. |
Dette var litt mindre steikt, kanskje det er passelegare? |
Daim-iskake
Marengs(dag
1):
3 eggekviter
3 dl sukker
½ ts bakepulver
Marengsbotnane lagde vi sist. |
Pisk ingrediensane stive.
Teikn opp to sirklar på smurt bakepapir. Del røra i 2 og bre den utover i dei
to sirklane. Steik på 100 grader i 3 timar. Byt plass på bretta etter 1,5
timar.
Krem(dag
2):
6 dl krem
150 g sukker
3 eggeplommer
2 daimplater(1 daim-dobbel)
Vi piska kremen for hand. |
Skilje egg, eigentleg brukar vi plommene som blei att frå marengsen. Sidan det var så lang tid mellom gjekk dei frosne plommene saman med den ny eggekvita i paien. |
Pisk kremen med litt sukker. Hakk sjokoladen.(hald gjerne av litt av
sjokoladen til pynt) Rør alt godt saman.
Kremen må bli skikkeleg stiv. |
Legg lagvis marengs, krem,
marengs krem og litt hakka sjokolade på toppen. Lag mønster i toppen av kremen
med ts før du har på sjokoladen.
Klar til å putte i frysaren. Vi gler oss til neste økt :) |
Frys kaka.
Dag
3
La den stå minst 12 timar i frysaren. Tin den
litt før servering.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar