torsdag 5. november 2015

8. økt: Allergimat

Ungarsk gulasj og glutenfritt rundstykke.

Om allergimat

Mål frå læreplanen, vi fokuserer der eg har streka under:
Ø  planleggje og lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva for næringsstoff matvarene inneheld (Kvifor er ikkje trygg mat det same for alle? Kvifor må allergikarar vere meir påpasselege med næringsinnhald?)
Ø  informere andre om korleis matvanar kan påverke sjukdommar som heng saman med livsstil og kosthald (Skal vi kunne informere seinare, må vi fyrst kunne no)

Teoriøkt

Det er ganske vanleg å vere allergisk mot ulike typar mat. Somme allergiar fører til svært store endringar i kosthaldet, medan andre allergiar merkar ein lite til. Til dømes plagar det meg ganske lite at eg er allergisk mot reker, men det er jo trist.
Ø  Kva allergiar kjenner du til?
Ø  Korleis tek ein omsyn til desse?

Å vere allergisk mot laktosen i mjølk, eller gluten i mjøl fører til langt større endringar i kosthaldet. Nesten all mat inneheld laktose eller gluten. Det er skilnad på å vere allergisk og å ha ei matvareintoleranse.

Matvareallergi: Dersom ein har matvareallergi vil kroppen sitt immunforsvar aktiverast mot protein frå maten. Immunforsvaret går altså til angrep på det ein et. Sjølv små spormengder av maten som ein ikkje tåler er nok til å utløyse ein allergisk reaksjon. Reaksjonen kjem raskt etter at ein har ete, og kan i nokre tilfeller vere svært farleg. Typiske allergiske reaksjonar kan vere eksem og utslett, opphoven hals, pustevanskar eller forstyrring av hjarterytma.

Matvareintoleranse: Her er ikkje immunsystemet involvert, men symptoma som oppstår kan likne allergireaksjonar. Dei kjem litt seinare, er ofte mindre alvorlege og meir avhengige av mengde mat ein har ete. Sjølv om intoleransar oftast ikkje er så farlege som allergiar akutt, kan dei redusere livkvaliteten kraftig dersom ein ikkje tek omsyn til dei. Ein med cøliaki eller laktoseintoleranse som ikkje tek omsyn intoleransen vil vere mykje sjuk og gå glipp av mykje.


Har du cøliaki, må du planlegge kosthaldet nøye.



Å planlegge allergimat

Det finst ikkje ein type mat som passar til alle allergiar. Allergimat vil seie å ta omsyn til dei allerigane ein veit at dei som skal ete har. I dag lagar vi mat som passar for to vanlege og omfattande intoleransar: gluten og laktose. Sjølv om vi har teke omsyn til desse, har vi ikkje passa på å lage mat som er bra for dei som har eggeallergi eller som ikkje toler paprika.

I dag skal vi lage ei Ungarsk Gulasjsuppe, den er grei for både laktoseintolerante og dei som har cøliaki. Ein må berre passe på at buljongterningane ikkje inneheld gluten. Vidare skal vi ha glutenfrie rundstykker til. Vi skal ha både grove og fine. Når vi bakar med glutenfritt mjøl, blir det lett klisjete, derfor set vi dei i muffinsformer, slik at dei ikkje glir ut.


Festmuffins


Stasjon 2 skal lage muffins. Muffins fins i mange variantar, laktosefrie, eggefrie, glutenfrie og lavsukker.  De kan pynte muffinsane med eit melishjerte. Då klipper de eit hjertehol i eit lite matpapir, og strør melis gjennom holet.  

Ungarsk gulasj

Du treng:

200 g oksekjøtt i terningar
1 lauk, grovhakka
olje
buljongterning + 5 dl vatn (NB: Pass på at terningen er glutenfri!)
1 ts paprikapulver
1 krm karve
1/2 boks hermetiske tomatar
1/2 grøn paprika
4 - 5 poteter i terningar. (Dersom dei er små må du ha meir!)

1. Skjer kjøttet i terningar.
Skjer kjøttet i terningar.
2. Grovhakk lauken.
3. Bruk kjøtt og lauk i gryta.
4. Tilsett vatn og buljongterning, og la kjøtt og lauk trekke like under kokepunktet i 30 minutt.
Trekking, blir dette godt då?

5. Skrell og del opp potetene, og skyll og del opp paprikaen.
Skrelle poteter kan ta tid!

6. Ha resten av ingrediensane i suppa, og trekk vidare i ca 15 minutt.
7. Smak på suppa! Kanskje du skal ha i meir krydder?

Dette ser jo godt ut! Tomaten gjorde susen den :)

Grove glutenfrie rundstykker

du treng:

1 pose toro glutenfri grov mjølblanding
4 ss rismjøl
2 egg
1 ss fiberhusk
4 dl vatn
1 dl olje
litt salt?

Slik gjer du:

1. Varm vatn til ca 37 grader og hell det i ein bolle. Løys opp gjæra i væska.
2. Visp inn fiberhusk, og la det svelle litt.
Grov deig, elta for hand, det funka det også!
3. Tilsett det tørre, egg og olje. Elt deigen i 5 minutt. Bruk gjerne kjøkkenmaskin!
4. La deigen heve under dekke i minst 30 minutt.
Trill til runde sprekkfrie rundstykker.
5. Ha olje på hendene, og del opp i 12 like rundstykker. Trill dei runde og la dei heve i 30 minutt til før du steiker dei.
6. Steik på 225 grader i ca 12 minutt.




Festmuffins


150 g smør
2,5 dl sukker
4 egg
3 dl potetmjøl
1,5 ts bakepulver

 


  1. Rør smør og sukker porøst. (det vil sei, legg det i ei skål og rør og rør og rør med ei sleiv)
  2. Sett omnen på 225 grader.
  3. Knekk eit egg, og rør det inn i sukkeret.
  4. Knekk eit egg til, og rør det inn i sukkeret det også.
  5. Knekk eit egg til, og rør det inn i sukkeret det også.
  6. Knekk eit egg til, og rør det inn i sukkeret det også.
  7. Rør inn potemjøl og bakepulver. Rør til alt blir ei jamn røre.
  8. Fordel røra i papirformer.
  9. Steik muffinsane i 10 minutt
  10. Ta dei ut.
  11. Skal vi ha på melisglasur?

Fine glutenfrie rundstykker

1 pose TORO Glutenfri melblanding (Fin)
1/2 pk gjær
1/2 ts salt
1/2 dl olje
1 egg
3,5 dl vann


  1. Bland alt det tørre.
  2. Varm vatnet og oljen
  3. Løys gjæra opp i væska (ca. 37°C)
  4. Bland alle ingrediensane saman og la miksaren gå i 2-3 minutt.
  5. Fin deig, knadd med kjøkkenmaskina.
  6. Set rundstykka med skei i muffisnformer. Du får omlag 14 stk.
  7. Etterheving er viktig!
  8. Etter hev i 20-30 minutt på ein lunt stad.
  9. Pensle med egg eller vann
  10. Steik dei i 12-14 minutt på 220°C.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar