torsdag 5. november 2015

9. økt: Laksewok

Laksewok:


Fjern lakserådet fyrst!

Ingredienser

500 g laksefilet
Fileter laksen, her gjeld det å ha tunga beint i munnen!
steikeolje td raps eller solsikke
1 brokkoli i biter
4 gulrøtter i biter
1 purre i biter
maisenna mjøl

Fiskesaus:
2 fiskebuljongterningar oppløyst i 5 dl vatn
1/2 dl (glutenfri) soyasaus
1/2 ts ingefær
1ss maisenna mjøl
1/2 ts pepper
1/2 ts nellik


Tilbehør:
Ris, gjerne jasminris, ha gjerne ein terning
fiskebuljong i vatnet.

Framgangsmåte:

Gjer klar alle grønsakene. Dei skal reinast og kuttast i strimler eller skiver. Brokkolien delast i
små bukettar og stilken skjærast i skiver.

Skjer fiskefileten i terningar, cirka 1x1x4 cm, pass på at alle bein og rask er fjerna. Rull fisketerningane i maisennamjøl, slik at dei blir tørre og får eit tynt lag utanpå seg.

Rull i maisenna

Varm oljen i ein steikepanne eller wokpanne til den er godt varm.

Ikkje ha for mange i panna om gongen, då mister du kontrollen

Steik fiskebitane gylne og legg dei over på ei varm steikepanne.
Berre kok opp alt i ei lita gryte
Lag fiskesausen i ei lita gryte. Du har berre alle ingrediensane i gryta og let det få eit oppkok
medan du rører

.

Steik raskt brokkoli, gulrot og purre 2-3 minutt og legg  fisken over dei i steikepanna.



Nam! Dette er godt, og sunt!
Kva vitaminar finn vi her, eigentleg?



Appelsinris

Du treng:

2 appelsiner
1/2 dl geisha grautris
1 dl vatn
5 dl mjølk
2 dl kremfløyte
1 ss sukker

Slik gjer du:

OK, du skal koke mjølk, dette går galt... Nesten alltid, så her må du passe på som ein sme!

1. Kok graut slik det står på pakken, dvs kok opp ris og vatn, spe med mjølka og la småkoke i ca 20 minutt, utan å koke over, og utan å brenne seg i botnen
.
2. Og her er årsaka til at det går gale, medan grauten kokar, skreller du appelsinene og delar dei i bitar.
3. Grauten skal kjølast av, kanskje du må setje den i vindauget.
4. Pisk kremfløyten saman med 1 ss sukker. Den skal bli stiv.
5. Bland alt i ei glasskål, og la den kvile i kjøleskapet. Det kan gjerne sjå vakkert ut :)
Vi gler oss til appelsinris, ein nostalgisk dessert :)¨
Kva er nostalgisk?
Kva er eksotisk?
Når var denne retten eksotisk, trur du?
Er dette asiatisk bruk av ris? Kvifor? Kvifor ikkje?

Sjokoladekjeks

Ingrediensar:

100g margarin
135 g sukker
1 egg
150 g kveitemjøl
1 1/2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
50 g hakket kokesjokolade


Fremgangsmåte:
  • Sett steikeovnen på 180 grader
  • Passe store bitar, og ikkje så lenge at den smeltar
  • Hakk sjokoladen
  • ca 100 g margarin
  • Rør sukker og margarin kvitt (NB: ikkje smelt margarinen!)
  • Røre, røre og røre litt til, du skal ikkje sjå kva som er sukker og kva som er margarin
  • Ha i egget, og rør godt
  • Bland sjokoladen og det tørre
  • Rør det tørre saman med egg, sukker og margarin
  • Form små toppar med ts på bakepapir
  • Pass på å ha god avstand, så dei ikkje renn ut i kvarandre. 12 på kvart brett er passe.
  • Steik på 180 grader i ca 12 min midt i ovnen
  • NAM! Har du lyst å smake?

Skinke og ostehorn:

7 dl mjølk
4 ss smør
50 g fersk gjær
2 ss sukker
1 ts salt
750 g fint mjøl
250 g gammalt grovt mjøl
Ost
Skinke
Egg til pensling

Framgangsmåte:


  • Smelt smøret og hell i mjølka slik at alt blir lunka.
  • Viktig å studere oppskrifta godt!
  • Rør saman sukker og gjær, til det blir rennande

  • Gjær er levande greier!
  • Bland alt det tørre i ei stor plastskål.
  • Bland alt i den store plastskåla. Elt godt!
  • ER denne deiga litt laus?
  • Deigen må vere ferdig på 45 minutt, slik at deigen får heve 30 min før du går vidare i oppskrifta.
  • Kul og imponerande luftboble i deigen!
  • Del deigen i fire, og kjevle kvar del til ein stor, rund leiv
  • Del kvar av dei i 8 deler, som man deler ein pizza
  • Dersom vi deler gjennom alle skinkebitane, får alle horna skinke i seg :)
  • Legg på ost og skinke (ev anna fyll) og rull saman til små horn. La dei etterheve i friminuttet (helst 30 min)
  • Pensle med egg og strø litt ost på dei som ikkje har kjøttfyll
  • Dette blei veldig mange horn!
  • Steikast på midtarste rille ved 225 grader, til pent gylne
Horna til torsdagsgruppa :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar