mandag 13. juni 2016

26. økta: Laksewok med ugras...

Laksewok

300 g laks
ca 1 dL maismjøl
2 ms olje
salt og pepar
1 raudlauk
2 gulrøter
3 vårlaukar
Ein stor bunt "ugras" = Blanding av hanekam, surgras, marikåpe og nyspira løvetannblad
Hanekam, marikåpe og suregras.
2 dL kokosmjølk
1/2 fiskebuljongterning
2 ms soyasaus
1 fedd kvitlauk
2 ts ingefærkrydder

Slik gjer du:
    Forvelling av "ugraset"
  1. Plukk "ugraset". Vask det i kaldt vatn og gje det eit raskt oppkok. Skyll det i kaldt vatn at etter forvellinga. Kutt det i små bitar.
  2. Reins, vask og del opp vårlauk, raudlauk og gulrot. Bitane bør vere tynne skiver, som blir fort ferdig steikte.
  3. Knus kvitlauken og finhakk den.
  4. Lag terningar av laksen, og vend dei i maismjøl. Dei skal vere kvite på alle sidene.
  5. Varm oljen i ei steikepanne. Steik fisketerningane til dei blir gyldne. Strø over salt og pepar. Legg dei til sides.
  6. Wok lauk, gulrøter og vårlauk eit par minutt. 
  7. Hell over kokosmjølk, knust fiskebuljongterning, soyasaus, kvitlauk og ingefær. Kok opp.
  8. Ha i ugraset. og kok opp.
  9. Legg i fisketerningane og la dei bli gjennomvarme.



Ostehorn til kantina
7 dl melk
4 ss smør
50 g gjær
2 ss sukker
1 ts salt
750 g fint mjøl
250 g sammalt grovt mjøl

Ost
Skinke
Egg til pensling


Bland alt det tørre. Smelt smøret og bland det med litt av melka for å kjøle det litt ned. Elt deiga og hev i ca en time. 
Del deigen i fire, og kjevle kvar del til en stor, rund leiv. Del kvar av dei i 8 deler, som du deler ein pizza. Legg på ost og skinke, og rull saman til små horn.
Steik på midterste rille ved 225 grader, til pent gylne.

Rullekake


3 egg
1 dL sukker
1,5 dL kveitemjøl
1/4 ts bakepulver

Omlag 3 store skeier syltetøy til fyll.

  1. Pisk stiv eggedosis av egg og sukker. Vi piskar for hand, og desse kakene er piska til eggedosisen er stiv nok til at ein O viser når du teiknar med den. Teknikk har mykje å seie, og val av utstyr. Vi har funne ut at store metallvispar er meir effektive enn små plastvispar, og at eggedosisen blir raskast stiv i glass eller metallbolle, og seinare i plastbolle.
  2. Sikt inn kveitemjlø og bakepulver. vend det varsamt inn med slikkepotten. Vi har fanga lufta, ikkje slepp den ut at med å røre hardt, for då blir kaka tung og tett.
  3. Slå røra over på bakepapir i ei langpanne. stryk røra jamt utover, og pass på at hjørna ikkje blir for tynne. Denne røra fyller ikkje heile langpanna, men vi lagar eit rektangel. Det er viktig å få langpanna ganske raskt inn i omnen, så den ikkje fell saman medan den ventar på steiking.
  4. Steik kaka med ein gong, den skal stå i omlag 5 minutt på 250 grader. når ho er lysbrun på toppen er ho klar. 
  5. Medan kaka steiker finn du fram: Syltetøy, skei, eit nytt bakepapir ark og eit nytt steikebrett.
  6. Ta kaka ut av omnen. legg bakepapir over kaka. legg det nye steikebrettet opp på kaka, men baksida ned. Snu begge steikebretta, ta vekk det øvste/varme steikebrettet.
  7. Fjern forsiktig bakepamiret. Start i eit hjørne. Dra varsamt, kanskje du må gni litt varsamt opp på bakepapiret om det sit fast.  
  8. Smør syltetøyet jamt utover kaka. Rull henne fast saman. Legg henne med skøyten ned og la henne kjøle seg godt før du deler henne.
  9. Ta kaka med heim :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar