mandag 13. juni 2016

27. økta: Mangokylling og start på iskaka

Mangokylling.

Mangokylling

2 kyllingfilear
1,5 dl vatn
3 dl creme fraiche
1,5 ss soyasaus
2-3 ss mango chutney
1,5 ts samal oelek
1 purre
1 paprika
1 mango
1 terning hønsebuljong

Del kyllingfileane i små bitar, steik desse. Hell i vatn, creme fraiche, soyasaus, mango chutney, samal oelek og hønsebuljong, og la dette koke ei stund.
Vask og del purren i ringar og paprikaen i bitar. Ha denne opp i gryta, og la det småkoke litt.

Del mangoen i terningar, og ha denne i   til slutt, ca 5 min før middag.

Mangosteinen gir oss ei utfordring

Den er flat og midt inni.

Oppkutta grønsaker

Kylling med saus.

Ferdig, sever med ris.

God tid - skal vi ha desert?

Ei av gruppene fekk god tid, og spurde om ikkje dei kunne lage desert. Det kunne dei. Dermed blei det muffins og fruksalat. Vi hadde til og med litt blåbær att i frysaren etter blåbærturen i haust.





Daim-iskake 


Marengs(dag 1):
3 eggekviter
3 dl sukker
½ ts bakepulver

Pisk ingrediensane stive. Teikn opp to sirklar på smurt bakepapir. Del røra i 2 og bre den utover i dei to sirklane. Steik på 100 grader i 3 timar. Byt plass på bretta etter 1,5 timar.
Marengsbotn til steiking/tørking

Krem(dag 2):
6 dl krem
150 g sukker
3 eggeplommer
2 daimplater(1 daim-dobbel)

 Pisk kremen med litt sukker. Hakk sjokoladen.(hald gjerne av litt av sjokoladen til pynt) Rør alt godt saman.

Legg lagvis marengs, krem, marengs krem og litt hakka sjokolade på toppen. Lag mønster i toppen av kremen med ts før du har på sjokoladen. Frys kaka.

Dag 3


 La den stå minst 12 timar i frysaren. Tin den litt før servering.

Vidunderlig gode sjokoladekjeks

1
2
3
4
Porsjonar
100 g
200 g
300 g
400 g
Margarin
150 g
300 g
450 g
600 g
Sukker
1
2
4
4
Egg
150 g
300 g
450 g
600 g
Kveitemjøl
½ ts
1 ts
1 ½ ts
2 ts
Bakepulver
½ plate
1 plate
1 ½ plate
2 plater
Hakka sjokolade
1.         Sett bakeomen på 200 grader
2.         Mål opp sukker og margarin.
3.         Rør sukker og margarin godt saman med ei tresleiv i ein  bolle.
4.         Rør inn egget
5.         Hakk sjokoladen
6.         Mål opp kveitemjøl
7.         Bland sjokoladen og bakepulveret i mjølet
8.         Ha mjølblandinga i smørblandinga og rør godt
9.         Sett med to teskeier på plate

10.  Steik i ca 11 minutt


Pirogar

DEIG:
1 pk gjær
6 dL vatn, lunka
2 ms olje
1 ts salt
4 dL sammalt kveite, grov
ca 1L kveitemjøl

Egg til pensling

FYLL
2 dL kokt ris
2 små lauk, hakka
125 g sjampingjong, hakka
2 fedd kvitlauk, finhakka
1/2 pk kyllingkjøttdeig
1 lita boks hermetisk tomatpure
1/2 ts salt
1 krm pepar
olje til steiking

FRAMGANGSMÅTE
DEIG
1. Smuldre gjæren og rør den ut i lunka mjølk i ein bakebolle.
2. Ha i oljen, salt og samalt mjøl. 
3. Tilset kveitemjøl, litt etter litt, og elt til deigen er glatt og jamn, slik at han slepper bolle og reidskap.
4. Dekk deigbollen med ein tallerken, og la den heve til dobbelt storleik, eller til Hildegunn seier "bak ut, for vi har ikkje meir tid".

FYLLET
1. Kok risen, dersom vi ikkje har risrestar.
2. Skyll, reins og del opp grønsakene.
3. Varm litt olje i steikepanna.
4. Surr kvitlauk, lauk og sopp til lauken er mjuk og blank.
5. Ha i kjøttdeigen og gni han ut til ei finkorna masse.
6. Ha i ris og tomatpure, bland at og smak til med salt og pepar.

UTBAKING
1. Del deigen i 24 like bitar. (Rull ut til pølse og del)
2. Trill bollar, og klapp dei flate. Kjevle til diameteren er omlag 15 cm.
3. Legg fyll midt på den runde leiven, brett over og trykk kantane godt saman.
4. Legg pirogane på bakepapir med god avstand. La dei heve til deiga er lett og luftig.
5. Pensle pirogane med eit lett samanpiska egg.
6. Steik på 225 grader Celsius i omlag 15 minutt.
7. Avkjøl på rist.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar