mandag 20. juni 2016

29. økta: Avsluttning med taco og iskake

Onsdagsgruppa er klart til å forsyne seg.
Taco
Tja, dette kan jo alle, kan ein ikkje? Vi snakka om at det er lett å lage reglar for kva som er taco som ikkje er "sanne", men som blir tradisjon heime hjå oss. Så vi prøvde vel alle taco med noko nytt i dag. Vi hadde:
Torsdagsgruppa har pynta.
  • Tortillalefser, type heimelaga, upraktisk små og kjempegode.
  • Guacamole, heimelaga
  • Tzatsiki, heimelaga
  • Kjøttdeig, kylling og karbonade steikt med ein pose krydderblanding.
  • Reven ost
  • Tacosaus frå butikken.
  • Matyoghurt - i staden for rømme, det funka.
  • Isbergsalat
  • Tomat
  • Paprika
  • Mais
  • Agurk
  • Eplebitar
  • Finhakka raudlauk.

Rett før torsdagsgruppa hiv inn på.
Kven har beste tacogrepet?

Min er best :)

Nei, denne er betre :)

Treng vi å kunne brette den då? Då blir det jo mindre plass til fyll...

Sjå den gode Guacamolen!

Nam!

Nam! (og eg får med alt, berre den agurkbiten som smatt unna)
Tortillalefser
Gir 8 lefser

8 dL. mjøl
1 teskje bakepulver
1 teskje salt
2 dL. vatn
1 dL. olje

Litt laus og klissete deig.

Trill fine runde emne.

Kjevle så tynt som råd, då blir det plass til meir fyll i lefsa.
Steik til det boblar.

Steik på begge sider.
Bland mjøl, salt og bakepulver. Bland inn oljen til “deigen” er så jamn som råd, med minst mulig klumpar. Ha i vatn, i to omganger – dvs ein halv dl. om gangen. Deigen skal knaast til den er jamn og litt klissete, men ikkje spesielt hard. Deigen kan så kvile i omlag 10 minutt. Vi hadde ikkje tid til dette eine dagen, og merka inga forskjell.

No er deigen klar til å steikast! Del den i åtte/ti like bitar (ca. samme str. som et egg) og kjevle ut til dei er så tynne som mulig. Lefsene skal tørrsteikest på medium til sterk varme. Etter omlag eit halvt til ett minutt er dei ferdige! Eit hint om at dei begynner å bli ferdige er at lefsa begynner å “boble”. Legg ferdigsteikte lefser under klede så dei held seg mjuke og varme.
Lefsahaug torsdag. (Stor gruppe)
Lefsehaug onsdag. (litt mindre gruppe)

Guacamole

1 moden avokado
1/2 finhakka lauk (vi brukte raud)
 1 fedd/båt finhakka kvitlauk
2 ms sitronsaft
1 krm salt
Ta ut fruktkjøttet med ei skei

Del avokadoen i to på langs og ta ut steinen. Ta ut fruktkjøttet med ei skei.
Mos fruktkjøttet fint med ein gaffel og ha i dei andre ingrediensane. Smak til med salt. 
Bland alt.
Dersom du syns guacamolen ser for grov ut, kan du køyre den med stavmiksar eller liknande til den blir slik du vil ha den.

Dekk med plast og la salsaen/guacamolen stå i kjøleskåpet til vi skal servere den.



Tzatsiki
1/2 agurk
1/2 ts salt
1/2 fed/båt kvitlauk
1/2 ts peppar
1 dL matyoghurt

Riv agurken.
Rasp agurken på den finaste sida av rivgjernet. Strø på salt, og la det stå litt, så vatnet sig av. 
La vatnet sige ut av agrukmassa.
Rens og finhakk kvitlauken.
Hell av vatnet på agurken.
Bland kvitlauk og agurkrasp. Rør inn yoghurten og smak til med pepar.


Og til dessert fekk vi endeleg smake på iskaka.
Den smakte godt!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar