torsdag 4. februar 2016

16. økt: Samisk mat


I dag har vi laga brød, slik at dei som ikkje fekk med heim sist, fekk i dag(sjå oppskriftene til førre økt). i tillegg snakka vi om matkultur og samisk mat. Sidan det snart er 6. februar og alt.

«Mun lean nealgi ja goiku!» 

Bidos

Innhald
200 g reinsdyrkjøtt
4 dl vatn
jamning av 1 dl vatn og 2 ss maisenna
4 poteter i terningar
2 gulrøter i terningar
1 lauk, grovhakka
1 ts salt
1 ts peppar
2 ts timian

Framgangsmåte:
1.  Skjer kjøttet i terningar og ha det i ein kjele
2.  Hell på vatnet og jamninga. Kok opp medan du rører.
3.  La kjøttet trekke like under kokepunktet i 30 min.
4.  Vask, reins og del opp poteter, gulrot og løk. Ha dette i kjelen med kjøttet
5.  Tilsett salt og peppar og la alt trekke vidare til kjøttet og potetene er møre(ca 20 min etter at grønsakene er komne oppi)
6. Smak til med meir salt og pepper om det er naudsynt.

Sami Laibitt



Skulelogoen :)



Innhald:
5 dl blanding av vann og mjølk,
1 dl mørk sirup,
50 g gjær,
50 g smør,
75 g sammalt kveite
nok kveitemjøl til en passe deig.(Det er masse)


Framgangsmåte:
1. Varm opp blandinga av vatn og mjølk til kroppstemperatur,
2. Rør ut gjæra i litt av væska. Bland saman væske, sirup, smelta smør og gjær.
3.  Bland til slutt inn mjølet og la deigen stå og heve seg i en times tid(Kanskje litt kortare?).
4.  Kjevle eller klapp ut 16 kaker (ca. 1 cm tykke) og la dei heve på ein plate etter at du har prikka dei tett med ein gaffel.
Solmønsteret
Kreative variasjonar
Fin du lavoen?
Ser du smilefjeset?
5.  Steik kakene ved 250 °C til dei er gyllenbrune og la dei avkjølast i eit bakeklede.
Dei er ikkje brende, vi berre imiterer steiking på helle...

15.økt: Løksuppe og fletteloff

Løksuppe, Fransk




Innhald:
 2/3 store løk i halve skiver
1-2 ss olje
6 dL vatn
1 buljongterning(grønsaksbuljong)
1 lite laurbærblad
½ ts timian
¼ ts peppar
Litt reven kvitost.


Framgangsmåte:
1.                             Skyl, reins og del opp løken
2.                             Varm oljen i ei steikepanne. Tilsett løken og rør til den er mjuk og blank.
3.                             Ha over i ei gryte. Tilsett vatn, buljongterning, laurbærblad og timian. La suppa småkoke under lokk i ca 15 minutt.
4.                             Smak til med peppar.
5.                             Lag klar ei skål med riven ost som står ved sidan av suppa, slik at ein kan sleppe ei klype opp i suppa når ein forsyner seg.


Fletteloff

Innhald:

¼  pakke ferskgjær
1 dL lunka vatn
½  ts salt
½  ss sukker
½  egg
1 ½  ss olje
Ca 4 ¼  dLkveitemjøl (ev fin glutenfri mjølblanding)

Framgangsmåte:
1.           Smuldre gjæra i ein bakebolle, tilsett sukker og rør godt saman til det blir flytande.
2.           Tilsett egg, salt og vatn og rør godt for kvar ingrediens du har i.
3.           Tilsett mjøl og elt deiga jamn og smidig. Elt med slikkepott eller tresleiv, og etter kvart med handa. Eine handa skal vere på kanten av bollen heile tida.
4.           Tilsett oljen tilslutt, og kna litt til.
5.           La deigen heve.(ca 20 min)
6.           Del deigen i 3 like store bitar. Trill 3 like lange pølser. Flett pølsene til ein flettaloff.



7.           Dekk loffane med plast og la dei heve. Sett omnen på 220 grader
8.           Steik loffen i 20 min. Lurt å sette dei i omen klokka når du går til andakt J

Ta ut og avkjøl på rist. 

Brød, 6. klasse


Ingrediensar
¼ ts salt
½ pk tørrgjær
 2 dL havregryn
1 dL rug
2 dL grov kveite
4 dL fin kveite
½ L lunka vatn
2 ss olje til slutt

Framgangsmåte:
  • Bland alt det tørre i ein bolle.
  • Lunk væska. Bland denne i, rør godt.
  • Elt deiga med ei hand,  eller ei sleiv, i minst 7 minutt. Ha i oljen og kna i eit minutt til.
  • La deiga heve i 30 min. Sett på omnen på 200grader. Ha bakepapir i ei brødform. Hell deiga over i forma, og la den etterheve til alle på gruppa er klar til å steike.
  • Steik brødet i 45 minutt, ta det ut av forma og banke lett i botnen for å sjekke om det er steikt. La det kjølne på rist med kjøkkenhandduk over. NB: IKKJE PUTT DET I POSEN FØR DET ER AVKJØLT!!!  

Variasjonsbrød, 9. klasse

Innhald:

½ Lvæske(vatn, surmjølk eller søtmjølk, eller ei blanding)
¼ ts salt
½ pk tørrgjær
1 L mjøl ( 1 av dei fire variasjonane,)
litt olje til slutt

Variasjon 1: 4 dl rugmjøl, 3 dl sammalt kveite og 3 dl fin kveite
Variasjon 2: 3 dl sammalt rug, 4 dl fin kveite, 1 dl solsikkefrø og 2 dl sammalt kveite.
Variasjon 3: 1,5 dl byggmjøl, 0,5 dl linfrø, 3 dl sammalt kveite, 1 dl fin rug og 4 dl fin kveite.
Variasjon 4: 2 dl havregryn, 1 dl linfrø, 2 dl fin rug, 1 dl solsikkefrø og 4 dl fin kveite.

Framgangsmåte:
Mål opp mjølet til din variasjon i eit liter mål
. 
Det er ikkje så viktig om du er heilt nøyaktig med kvar sort, men det bør bli omlag 1 liter mjøl. Mjøl, salt og gjær i ein bolle. 

Lunk væska. Bland denne i, bland godt. Elt deiga med hendene  eller sleiv om den er laus, i minst 7 minutt. Ha i oljen(omlag 2 matskeier) og kna i eit minutt til. La deiga heve i 30 min. Sett på omnen på 200grader i god tid før 30 min er gått. Ha bakepapir i ei brødform. Hell deiga over i forma, og la den etterheve til alle på gruppa er klar til å steike. 

Du kan pynte brødet. Steik brødet i ca 45 minutt. Ta det ut av forma, dunk og lytt. Avkjøl på rist, med kjøkkenhanduk lett rundt. IKKJE LEGG DET I PLASTPOSE FØR DET ER AVKJØLT!!! 

tirsdag 19. januar 2016

14. økt: Salatar på etterjulsvinteren






Vi hadde 3 ulike salatar å velje mellom, couscus, quinoa og pasta.














Pastasalat

400 g pasta(gjerne med vingar)
1 boks tunfisk i olje
100 g fetaost
1 paprika(gul)
½  purre
½ squash
2 gulrøtter som du lagar blomar av

1.      Kok pastaen slik det står på pakken. Sil av vatnet når den er al dente. Kjøl den ned
2.      Skjer purreløk i tynne bitar
3.      Paprika i stimlar
4.      Lag blomar av gulrøtter
Vi laga blomar av gulrota, det blir søt :)
5.      Lag terningar av spuashen
6.      åpne fetaost og tunfisk
7.      Bland alt fint saman
Nam!

 

Couscoussalat

150 g couscous  
2 vårløk
7 cherrytomatar
½   squash
saft av ¼ sitron blanda med litt olivenolje
½  grilla kylling i småbitar

1.      Kok couscousen slik det står på pakken. Sil av vatnet når den er al dente. Kjøk den ned
Vi erstatta couscousen med quinoa i ein av salatane.
2.      Skjer vårløk og cherry i bittesmå bitar
3.      Lag fine bitar av squashen
4.      Riv kyllingen i bitar
5.      Skvis sitron og bland den med olivenolje
Hell sitronsafta over salaten
6.     Bland alt fint saman
Nam!

 

Pizzasnurrer

Gjærdeiga
5 dl lunkent vann
25 gram fersk gjær
1 ts grovt havsalt
1/2 ts sukker
4 ss olivenolje
700-750 gram kveitemjøl, noko grovt, noko fint

Bland alt, og elt i ca 10 minutt. La deigen heve til dobbel størrelse. Kjevl ut, og fyll med det du vil av:



Fyll og garnityr:
1 lauk i bitar, 1 gulrot i bitar, 3ss tomatpure, 1 ss oregano, Salt. 4 dl ost, 100 g skinke

Dobbel til to deiger. Fres lauken på sterk varme, ha i gulrot, tomatpure, salt, hakka skinkebitar og oregano.

Kjevl ut, deiga, bre over fyllet, strø med ost og rull saman. Spar litt av osten til garnityr.

Etterhev så lenge som råd og steik i forvarma omn på 225 grader og steik i ca 10 minutt.

Jødekagårr

¼ l surmjølk
¼ l sukker
300 g kveitemjøl
60 g smelta margarin
1 ts hjortetakk

Framgangsmåte:
1.      Rør sukker ut i surmjølka
2.      smelt margarin og avkjøl det litt
3.      mål opp kveitemjøl, og bland hjortetakk i mjølet.
4.      bland mjøl og sukker
5.      hell margarin i med smal stråle, og rør jamt.
6.      sett omnen på 180 grader
7.      lad deiga kvile til etter andakta
8.      Lag kaker på brett med to matskeier, ikkje sett kakene for tett dei glir ut.
9.      steik kakene i ca 10 minutt til dei er gylne.
10.  Legg kakene på rist
11.  Nyt, og rydd godt opp!

Det er gøy å sjå korleis pitabrøda veks.




Vi serverte pitabrød til salatane