Ostehorn
6 dl kveitemjøl
2 dl sammalt kveitemjøl
4 ss smelta margarin
3 dl mjølk
0,5 pakke tørr gjær
Tillaging:
- Bland mjølet i en
bolle, rør gjæren ut i mjølet.
- Smelta
margarinen og bland med mjølka
slik at det vert fingervarmt. Bland så i mjølet.
- Arbeid deigen godt
saman, og la den heve godt
- Skru på omnen
- Del deiga i to
og kjevle delane ut til ein rund
leiv (ca. 30 cm). Del leiven i 8 trekantar.
- Legg passelig med
revet ost på kvartrekant og rull saman mot spissen
- Legg bakeplate med bakepapir til heving i 20 - 30 minutt. Pensle med egg.
- Steikast ved 250
C i ca. 12 minutt
|
Sukiyaki
Japansk
gryterett.
Ingrediensar
Til 4 personar:
400 g kjøtt, skåre i tynne skiver mens den er halvfrossen
2 ts olje
1/2 kinakål
1 purre eller 3-4 vårløk
1 løk.
3 gulrøter
5-6 sopp, f.eks. aromasopp.
Saus av: 1 dl japansk soya
(Kikkoman glutenfree)
0,3 dl sukker
1,5 dl vann
0,3 dl eddik
Framgangsmåte:
Lag sausen først: Kok soyasaus, sukker og vann, ta av plata og tilsett
eddik.
Skjær grønsaker og kjøtt tynt
og pertentlig (Kjøtt etter grønsaker om du ikkje skal vaske skjerebrettet) .
Varm panna, og begynn med å frese kjøttet i oljen
Hell over 1-2 dl av sausen.
Legg i grønsakene når det putrar fint. Kanskje du må helle på meir saus etter kvart.
Server kokt ris til.
|
Knekkebrød
(ca
16stk = 1 brett)
25 g kruskakli
75 g havregryn
50 g linfrø
50 g sesamfrø
50 g solsikkekjernar
50 g graskarkjernar
1/2 ts salt
3 dl vann
Framgangsmåte:
- Set steikeomnen på 160 grader varmluft
- Bland alt det tørre
- Rør inn vatn
- La røra svelle i 10 minutt
- Fordel røra flatt utover bakepapir på
eit brett
- Putt brettet i omene, set på
stoppeklokke
- Etter 15 minutt: Ta brettet ut, og
skjer høvelege knekkebrød med pizzahjul
- La brettet stå i 15 minutt til, bytt
plass på eventuelle brett som står i omnen
- Etter nye 15 minutt flyttar du
knekkebrøda over på rist før du let dei steike vidare, dette for at dei
skal tørke mest muleg.
- Når
knekkebrøda har steikt i ein time til saman, tek du dei ut, og let dei
avkjølast på rist.
- Oppbevar
knekkebrøda i lufttett boks
|
Tilslørte bondepiker
1 ss
mjuk margarin
1 ½
dl strøkavring
1 ss
sukker
½ ts
kanel
1 ½ dl eplemos
1 ½
dl kremfløyte
Framgangsmåte:
- Smelt margarinen i ei steikepanne.
Steik strøkavringen saman med sukker og kanel. Du kan nytte andre typar
smular til dette, restar av julekaker(særleg julemenn) blir veldig godt.
- Steik til smulane er sprø og gylne. Rør
godt heile tida, slik at det ikkje blir brent.
- Avkjøl smulane.
- Visp kremfløyten til luftig krem
- Legg eplemos, krem og smular lagvis i
ein glassbolle, eller i porsjonsglass
Eplemos
Du treng:
ü 1 kg eple
ü 1 ½ dl vatn
ü 3 dl sukker
Slik gjer du:
Skrell
epla og del dei i bitar. Legg dei i gryta med vatn etter kvart som dei er
skrella og delte. Kok til dei er heilt møre, mos med potetmosaren i gryta.
Tilsett sukkeret og kok vidare i ca 10 minutt etterpå. Sett til kjøling, for
vi brukar det i dag.
Dersom
du ikkje skal bruke det med ein gong frys vi det i små beger grunna dårleg
haldbarheit som konservert vare.
|
Avkjøling av eplemos |
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar