onsdag 17. februar 2016

18. økta: Laksekaker og risotto






Thailaksekaker

4 porsjonar
Innhald
500 g laksefilet utan skinn og bein
1 kokt potet
2 vårlauk
2 ts malt ingefær
2 ts koriander
2 egg
2 ts limejus
½ ts salt
½ ts peppar
2 ss flytande margarin til steiking

Framgangsmåte:
  • Skrell poteta, skjer han i små terningar og kok dei i usalta vatn.
  •  Reinsk og finhakk vårlauken
  • Skjer laksefileten i tynne skiver og så i strimlar og til slutt i små bitar.
  •  Bland laks, vårlauk, ingefærkrydder, koriander, egg, kokt potet, litt saft frå ein lime, salt og peppar godt saman til ei deig(farse).
  •  Form farsen til små kaker og steik dei i 2-3 minutt på kvar side til dei er gjennomsteikte.
  • Legg dei i eldfast form med aleminiumsfolie over i steikeomnen på 100 grader til vi skal ete.

Risotto

4 porsjonar
Innhald:
1 løk, finhakka
1 fedd kvitløk, finhakka
3 dL ris
8 dL hønsebuljong (vann + 2 terningar)
2 ss smør
½ squash, i små terningar
½ rød paprika, i små biter
Safta av ½ sitron
Salt og pepar

Framgangsmåte:
  •         Hakk lauk, kvitlauk, paprika og squash i små bitar.
  •        Legg buljongterningane i vatn, så dei løyser seg opp.
  •          Fres løk og kvitløk forsiktig i litt olje i en kjele til løken er blank.
  •        Ha i ris og fres litt til.
  •        Hell i litt buljong. Kok opp og rør i risen til all væsken er absorbert.
  •         Tilsett resten av buljongen i 3-4 omgangar og rør i risen. La væsken få absorbere mellom kvar speing.
  •             Risen er ferdig etter ca. 20 minutt. I mellomtida freser du paprika og squash i litt olje. Rør inn smør sitronsafta til slutt. Smak til med salt og pepar.

Skillingsbollar

Innhald:
½  pakke ferskgjær
2 dL lunka mjølk
5 ss flytande margarin
4 ss sukker
5 ½ dL kveitemjøl
½ ts kardemomme

Margarin
Sukker
Kanel

Framgangsmåte:
1.           Smuldre gjæra i ein bakebolle, tilsett sukker og rør godt saman til det blir flytande.
2.           Tilsett margarin og mjølk og får godt
3.           Tilsett mjøl  og kardemomme og elt deiga jamn og smidig. Elt med slikkepott eller tresleiv, og etter kvart med handa. Eine handa skal vere på kanten av bollen heile tida.
4.           Dekk bollen med ein tallerken og la den heve til andakta er over (ca 30 min)
5.            Finn noko anna å gjere medan det hevar…
6.           Skru omnen på 240 grader.
7.           Kjevle ut deigen til ei leiv, sprut på margarin og strø på sukker og kanel.
8.           Rull saman, og del i høvelege bitar.
9.           La skillingsbollane heve til klokka er 10.00
10.      Steik skillingsbollane på 240 grader i ca 10 min. Lurt å sette dei i omen klokka 9.40 J
11.      Ta ut og avkjøl på rist.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar