Løksuppe, Fransk
Innhald:
2/3 store løk i halve skiver
1-2 ss olje
6 dL vatn
1 buljongterning(grønsaksbuljong)
1 lite laurbærblad
½ ts timian
¼ ts peppar
Litt reven kvitost.
Framgangsmåte:
1.
Skyl, reins og del opp løken
3.
Ha over i ei gryte. Tilsett vatn, buljongterning,
laurbærblad og timian. La suppa småkoke under lokk i ca 15 minutt.
4.
Smak til med peppar.
5.
Lag klar ei skål med riven ost som står ved sidan av
suppa, slik at ein kan sleppe ei klype opp i suppa når ein forsyner seg.
Fletteloff
Innhald:
¼ pakke ferskgjær
1 dL lunka vatn
½ ts salt
½ ss sukker
½ egg
1 ½ ss olje
Ca 4 ¼ dLkveitemjøl (ev fin
glutenfri mjølblanding)
Framgangsmåte:
1.
Smuldre gjæra i ein bakebolle, tilsett sukker og rør
godt saman til det blir flytande.
2.
Tilsett egg, salt og vatn og rør godt for kvar
ingrediens du har i.
3.
Tilsett mjøl og elt deiga jamn og smidig. Elt med
slikkepott eller tresleiv, og etter kvart med handa. Eine handa skal vere på
kanten av bollen heile tida.
4.
Tilsett oljen tilslutt, og kna litt til.
5.
La deigen heve.(ca 20 min)
7.
Dekk loffane med plast og la dei heve. Sett omnen på
220 grader
8.
Steik loffen i 20 min. Lurt å sette dei i omen klokka
når du går til andakt J
Brød, 6. klasse
Ingrediensar
¼ ts salt
½ pk tørrgjær
2 dL havregryn
1 dL rug
2 dL grov kveite
4 dL fin kveite
½ L lunka vatn
2 ss olje til slutt
Framgangsmåte:
- Bland alt
det tørre i ein bolle.
- Lunk væska.
Bland denne i, rør godt.
- Elt deiga
med ei hand, eller ei sleiv, i
minst 7 minutt. Ha i oljen og kna i eit minutt til.
- La deiga heve i 30 min. Sett på omnen på 200grader. Ha bakepapir i ei brødform. Hell deiga over i forma, og la den etterheve til alle på gruppa er klar til å steike.
- Steik brødet i 45 minutt, ta det ut av forma og banke lett i botnen for å sjekke om det er steikt. La det kjølne på rist med kjøkkenhandduk over. NB: IKKJE PUTT DET I POSEN FØR DET ER AVKJØLT!!!
Variasjonsbrød, 9. klasse
Innhald:
½ Lvæske(vatn, surmjølk eller søtmjølk, eller ei blanding)
¼ ts salt
½ pk tørrgjær
1 L mjøl ( 1 av dei fire variasjonane,)
litt olje til slutt
Variasjon 1: 4 dl rugmjøl, 3 dl sammalt kveite og 3 dl fin kveite
Variasjon 2: 3 dl sammalt rug, 4 dl fin kveite, 1 dl solsikkefrø
og 2 dl sammalt kveite.
Variasjon 3: 1,5 dl byggmjøl, 0,5 dl linfrø, 3 dl sammalt
kveite, 1 dl fin rug og 4 dl fin kveite.
Variasjon 4: 2 dl havregryn, 1 dl linfrø, 2 dl fin rug, 1 dl
solsikkefrø og 4 dl fin kveite.
Framgangsmåte:
Mål opp mjølet til din variasjon i eit liter mål.
Det er ikkje så viktig om du er heilt nøyaktig med kvar sort, men det bør bli omlag 1 liter mjøl. Mjøl, salt og gjær i ein bolle.
Lunk væska. Bland denne i, bland godt. Elt deiga med hendene eller sleiv om den er laus, i minst 7 minutt. Ha i oljen(omlag 2 matskeier) og kna i eit minutt til. La deiga heve i 30 min. Sett på omnen på 200grader i god tid før 30 min er gått. Ha bakepapir i ei brødform. Hell deiga over i forma, og la den etterheve til alle på gruppa er klar til å steike.
Du kan pynte brødet. Steik brødet i ca 45 minutt. Ta det ut av forma, dunk og lytt. Avkjøl på rist, med kjøkkenhanduk lett rundt. IKKJE LEGG DET I PLASTPOSE FØR DET ER AVKJØLT!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar