onsdag 17. februar 2016

18. økta: Laksekaker og risotto






Thailaksekaker

4 porsjonar
Innhald
500 g laksefilet utan skinn og bein
1 kokt potet
2 vårlauk
2 ts malt ingefær
2 ts koriander
2 egg
2 ts limejus
½ ts salt
½ ts peppar
2 ss flytande margarin til steiking

Framgangsmåte:
  • Skrell poteta, skjer han i små terningar og kok dei i usalta vatn.
  •  Reinsk og finhakk vårlauken
  • Skjer laksefileten i tynne skiver og så i strimlar og til slutt i små bitar.
  •  Bland laks, vårlauk, ingefærkrydder, koriander, egg, kokt potet, litt saft frå ein lime, salt og peppar godt saman til ei deig(farse).
  •  Form farsen til små kaker og steik dei i 2-3 minutt på kvar side til dei er gjennomsteikte.
  • Legg dei i eldfast form med aleminiumsfolie over i steikeomnen på 100 grader til vi skal ete.

Risotto

4 porsjonar
Innhald:
1 løk, finhakka
1 fedd kvitløk, finhakka
3 dL ris
8 dL hønsebuljong (vann + 2 terningar)
2 ss smør
½ squash, i små terningar
½ rød paprika, i små biter
Safta av ½ sitron
Salt og pepar

Framgangsmåte:
  •         Hakk lauk, kvitlauk, paprika og squash i små bitar.
  •        Legg buljongterningane i vatn, så dei løyser seg opp.
  •          Fres løk og kvitløk forsiktig i litt olje i en kjele til løken er blank.
  •        Ha i ris og fres litt til.
  •        Hell i litt buljong. Kok opp og rør i risen til all væsken er absorbert.
  •         Tilsett resten av buljongen i 3-4 omgangar og rør i risen. La væsken få absorbere mellom kvar speing.
  •             Risen er ferdig etter ca. 20 minutt. I mellomtida freser du paprika og squash i litt olje. Rør inn smør sitronsafta til slutt. Smak til med salt og pepar.

Skillingsbollar

Innhald:
½  pakke ferskgjær
2 dL lunka mjølk
5 ss flytande margarin
4 ss sukker
5 ½ dL kveitemjøl
½ ts kardemomme

Margarin
Sukker
Kanel

Framgangsmåte:
1.           Smuldre gjæra i ein bakebolle, tilsett sukker og rør godt saman til det blir flytande.
2.           Tilsett margarin og mjølk og får godt
3.           Tilsett mjøl  og kardemomme og elt deiga jamn og smidig. Elt med slikkepott eller tresleiv, og etter kvart med handa. Eine handa skal vere på kanten av bollen heile tida.
4.           Dekk bollen med ein tallerken og la den heve til andakta er over (ca 30 min)
5.            Finn noko anna å gjere medan det hevar…
6.           Skru omnen på 240 grader.
7.           Kjevle ut deigen til ei leiv, sprut på margarin og strø på sukker og kanel.
8.           Rull saman, og del i høvelege bitar.
9.           La skillingsbollane heve til klokka er 10.00
10.      Steik skillingsbollane på 240 grader i ca 10 min. Lurt å sette dei i omen klokka 9.40 J
11.      Ta ut og avkjøl på rist.

17 økta: Sukiyaki og Tilslørte bondepiker






Ostehorn

6                dl               kveitemjøl
2                dl               sammalt kveitemjøl
4                ss              smelta margarin
3                dl               mjølk
 0,5           pakke      tørr gjær

Tillaging:
  • Bland mjølet i en bolle, rør gjæren ut i mjølet.
  • Smelta margarinen  og bland med mjølka slik at det vert fingervarmt. Bland så i mjølet.
  • Arbeid deigen godt saman, og la den heve godt
  • Skru på omnen
  • Del deiga i to og  kjevle delane ut til ein rund leiv (ca. 30 cm). Del leiven i 8 trekantar.
  • Legg passelig med revet ost på kvartrekant og rull saman mot spissen
  • Legg bakeplate med bakepapir til heving i 20 - 30 minutt. Pensle med egg. 
  • Steikast ved 250 C i ca. 12 minutt

Sukiyaki

Japansk gryterett.
 Ingrediensar
Til 4 personar:

400 g kjøtt, skåre i tynne skiver mens den er halvfrossen
2 ts olje
1/2 kinakål
1 purre eller 3-4 vårløk
1 løk.
3 gulrøter
5-6 sopp, f.eks. aromasopp.

Saus av: 1 dl japansk soya (Kikkoman glutenfree)
0,3 dl sukker
1,5 dl vann
0,3 dl eddik

Framgangsmåte:
Lag sausen først: Kok soyasaus, sukker og vann, ta av plata og tilsett eddik.  

Skjær grønsaker og kjøtt tynt og pertentlig (Kjøtt etter grønsaker om du ikkje skal vaske skjerebrettet) . 
Varm panna, og begynn med å frese kjøttet i oljen
Hell over  1-2 dl av sausen. 
Legg i grønsakene når det putrar fint. Kanskje du må helle på meir saus etter kvart.
Server kokt ris til.

Knekkebrød

(ca 16stk = 1 brett)
25 g kruskakli
75 g havregryn 
50 g linfrø
50 g sesamfrø
50 g solsikkekjernar
50 g graskarkjernar
1/2 ts salt
3 dl vann

Framgangsmåte:

  • Set steikeomnen på 160 grader varmluft
  • Bland alt det tørre
  • Rør inn vatn
  • La røra svelle i 10 minutt
  • Fordel røra flatt utover bakepapir på eit brett
  • Putt brettet i omene, set på stoppeklokke
  • Etter 15 minutt: Ta brettet ut, og skjer høvelege knekkebrød med pizzahjul
  • La brettet stå i 15 minutt til, bytt plass på eventuelle brett som står i omnen
  • Etter nye 15 minutt flyttar du knekkebrøda over på rist før du let dei steike vidare, dette for at dei skal tørke mest muleg.
  • Når knekkebrøda har steikt i ein time til saman, tek du dei ut, og let dei avkjølast på rist.
  • Oppbevar knekkebrøda i lufttett boks

Tilslørte bondepiker

1 ss mjuk margarin
1 ½ dl strøkavring
1 ss sukker
½ ts kanel
1 ½ dl eplemos
1 ½ dl kremfløyte

Framgangsmåte:

  • Smelt margarinen i ei steikepanne. Steik strøkavringen saman med sukker og kanel. Du kan nytte andre typar smular til dette, restar av julekaker(særleg julemenn) blir veldig godt.
  • Steik til smulane er sprø og gylne. Rør godt heile tida, slik at det ikkje blir brent.
  • Avkjøl smulane.
  • Visp kremfløyten til luftig krem
  • Legg eplemos, krem og smular lagvis i ein glassbolle, eller i porsjonsglass

Eplemos

Du treng:

ü  1 kg eple
ü  1 ½ dl vatn
ü  3 dl sukker

Slik gjer du:

Skrell epla og del dei i bitar. Legg dei i gryta med vatn etter kvart som dei er skrella og delte. Kok til dei er heilt møre, mos med potetmosaren i gryta. Tilsett sukkeret og kok vidare i ca 10 minutt etterpå. Sett til kjøling, for vi brukar det i dag.
Dersom du ikkje skal bruke det med ein gong frys vi det i små beger grunna dårleg haldbarheit som konservert vare.
Avkjøling av eplemos





Tomskrapa gryter